Kirsten Flagstad Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kirsten Flagstad Museum med tårnet på Hamar domkyrkje i bakgrunnen

Kirsten Flagstad Museum i Kirkegata 11 i Hamar, som opna for publikum i 1985, er ei minnesamling og eit dokumentasjons- og kompetansesenter til heider for den vidgjetne norske operasongaren, sopranen Kirsten Flagstad (12. juli 1895–7. desember 1962). Museet er ei avdeling av Anno museum, og har tilhald i huset der ho vart fødd i 1895, rett i nærleiken av kyrkja der ho vart døypt.

Kirsten Flagstads familie, mange nære vener, og ikkje minst Flagstadselskapet som vart skipa i 1975 for å gjere hennar namn og kunstneriske innsats kjend for framtida, har ved gåver og depositum bidrege til eit museum rikt på gjenstandar, fotografi og arkivalia. Samlingane femnar om meir enn 1000 fotografi, om lag 900 lydopptak, 300 einskildgjenstandar, dagbøker, utklippsbøker, brev, kontraktar, program og anna, i tillegg til samlingar av bøker og artiklar i aviser, tidsskrift og liknande. Samlingane vert digitaliserte i stendig større omfang for å gjerast tilgjengeleg for ålmenta. Noko kan søkjast opp på internett gjennom DigitaltMuseum, og mykje er gjort tilgjengeleg på internettsidene til museet, som fotografi, Flagstads eigne utklippsbøker, museets lydopptak og om lag 50 konsertprogram.

Plassen framfor museet har fått namnet Kirsten Flagstads Plass. Ein byste av Kirsten Flagstad som skulptøren Joseph Grimeland har laga, er sett opp framfor inngangsdøra til museet, og vart avduka under opninga av museet i 1985. Statuen vart opphavleg sett opp i 1982 utanfor den dåverande bygningen til Norges musikkhøgskole i Wergelandsveien i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]