Kirsti Coward

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirsti Coward
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1940 (83 år)
Kristiansand
Yrke dommar
Far Gorgus Coward
Ektefelle Thomas Mathiesen
Partnar Sven Ole Fagernæs

Kirsti Coward (fødd 19. desember 1940 i Kristiansand) er ein norsk jurist og tidlegare dommar i Høgsterett. Ho var høgsterettsdommar frå 15. august 1994 til 31. desember 2010.

Kirsti Coward tok juridisk embetseksamen i 1963. Ho var vitskapleg assistent ved Institutt for rettssosiologi mellom 1964 og 1965. Deretter var ho fram til ho vart utnemnd til høgsterettsdommar tilsett i Justisdepartementet si lovavdeling, som lovrådgjevar, byråsjef, underdirektør og avdelingsdirektør, og frå 1988 som ekspedisjonssjef. I denne perioden var ho også dommarfullmektig ved Asker og Bærum sorenskrivarembete frå 1968-69 og lagdommar i Hålogaland lagmannsrett sommaren 1981.

Coward er sambuar med regjeringsadvokat Sven Ole Fagernæs. Ho var difor inhabil til å handsame saker i Høgsterett der staten ved regjeringsadvokaten var ein av partane, også om det ikkje var regjeringsadvokaten sjølv som prosederer saka for Høgsterett.

Kirsti Coward er dotter til lektoren og riksmålsmannen Gorgus Coward.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]