Kirtan

Kirtan eller kirtana er ei religiøs musikkform frå India, utbreidd i hindu-, sikh- og nokre buddhistiske tradisjonar. Han er ein vekselsong mellom solist og kor som særleg blei utvikla i Bengal av Chaitanya. Kirtanar blir ofte framført spontant i tempel, på gater og liknande. Dei kan framførast med instrument, og kan dansast til.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Kirtan», Store norske leksikon, 14. februar 2009
