Kiruna gamle rådhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kiruna stadshus i 2008

Kiruna gamle rådhus, kjent som Kiruna stadshus eller Igloo, var ein bygning sentralt i Kiruna som var sete for administrasjonen i Kiruna kommun i Norrbottens län i Sverige fram til 2018. Det vart rive i 2019, i samband med flyttinga av sentrum i Kiruna.

Rådhuset vart teikna av arkitekten Artur von Schmalensee og vart bygt i åra 1959-62. Bygningen var 49 x 49 meter lang og brei, og 45 meter høg. Klokketårnet på taket på 26 meter vart eit kjent landemerke for Kiruna. Det vart teikna av Bror Marklund og innvigt i 1963.[1]

Rådhuset vart kalla «Igloo» av Artur von Schmalensee på grunn av den låge inngangen til ein stor open hall med høge lysinnsleppingar. I 1964 fekk bygningen og arkitekten Kasper Salin-prisen for «Sveriges vackraste offentliga byggnad». Rådhuset husa også ein kunsthall.

Flytting til nytt rådhus[endre | endre wikiteksten]

Frå 2009 vart det lagt planar om å rive rådhuset, då aktiviteten til gruveselskapet LKAB hadde underminert grunntilhøva til sentrale Kiruna. I oktober 2012 vart det lyst ut ei arkitekttevling om å teikna eit nytt rådhus. I september 2013 var vinnaren utropt som Henning Larsen Architects A/S med forslaget «Kristallen».[2][3]

I august 2017 vart klokketårnet på det gamle rådhuset teke ned og flytta til den nye bygningen.[1][4] Bygningen vart riven våren 2019.[5][6]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sorgligt ögonblick i Kiruna: ”Stan blir aldrig mer sig lik”, 7. august 2017, «Klocktornet i Kiruna har under förra veckan monterats ned.» 
  2. Kiruna kommun, pressmeddelande 13. september 2013 Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine., henta 2014-06-14
  3. Dagens Nyheter Kultur 16. september, s. 4
  4. http://www.kiruna.se/PageFiles/8378/1%20-%20Kristallen%20-%20popul%C3%A4rversion.pdf[daud lenkje]
  5. SVT 30 april 2019
  6. Arkitekten.se 9 maj 2019