Kiruna kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kiruna kommune)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kiruna kommun
kommune
Kiruna stadshus 1.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Norrbottens län
Landskap Lappland
Areal 20 551,42 km²
 - land 19 140,33 km²
 - vatn 1 411,09 km²
Folketal 22 941[1] (2011)
Kiruna Municipality in Norrbotten County.png
Wikimedia Commons: Kiruna Municipality

Kiruna kommune (nordsamisk: Girona gielda) ligg i Norrbottens län i Sverige, i landskapet Lappland. Kommunen er den nordlegaste og arealmessig største i Sverige, og størrelsesmessig er han like stor som dei tre sørlegaste lena (Skåne län, Hallands län og Blekinge län) til saman. Kiruna kommune er faktisk 7 % større arealmessig enn heile Sogn og Fjordane fylke.

Kiruna grensar til kommunane Gällivare og Pajala i Sverige, Enontekis i Finland og Storfjord, Målselv, Bardu og Narvik i Noreg.

Administrasjonssenter i kommunen er Kiruna. Kiruna vart grunnlagt i 1900, og Hjalmar Lundbohm reknast som grunnleggjaren av byen. Han var disponent ved gruveselskapet LKAB, som byrja utvinning av jernmalm i Kiirunavaara på slutten av 1890-talet. Kiruna har jernbanesamband med Narvik og Luleå via Malmbanan og Ofotbanen, og den nordlegaste flyplassen i Sverige ligg i kommunen. Om lag 40 kilometer aust for Kiruna by ligg rakettskytefeltet Esrange (European Space and Sounding Rocka Range), den einaste romrakettbasen i Sverige.[2]

Språk[endre | endre wikiteksten]

Samisk, meänkieli og finsk har status som offisielle minoritetsspråk i kommunen, og Kiruna er saman med nabokommunen Gällivare dei to einaste svenske kommunane med tre offisielle minoritetsspråk.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det høgaste fjellet i Sverige, Kebnekaise, ligg i kommunen, 70 kilometer vest for Kiruna. Det finst over 6000 innsjøar og vatn i kommunen, den største er den over sju mil lange Torneträsk. Dei to største vassdraga i kommunen er Torne älv og Kalixälven. Den nordlegaste elva i Sverige, Könkämä älv og Muonio älv utgjer grensa mot Finland. Nasjonalparkane Abisko og Vadvetjåkka ligg innanfor kommunegrensene, det same gjer ni naturreservat.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Kiruna kommune hadde sju tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Kiruna 18 154
2. Vittangi 789
3. Jukkasjärvi 519
4. Svappavaara 394
5. Kuttainen 364
6. Karesuando 313
7. Övre Soppero 220

Vatn og innsjøar i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Andre mindre stader i Kiruna kommune[endre | endre wikiteksten]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
  2. Hjemmesider til Esrange
  3. Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]