Kiryat Ono

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kiryat Ono
קִרְיַת אוֹנוֹ, كريات أونو, Qiryat Ono
by
Våpenskjold
Namneopphav: Kalla opp etter den bibelske byen Ono
Land  Israel
Distrikt Tel Aviv distrikt
Koordinatar 32°03′49″N 34°51′19″E / 32.06361°N 34.85528°E / 32.06361; 34.85528
Areal 4,112 km²
Folketal 31 000  (2009)[1]
Grunnlagd 1939
 - Bystatus 1992
Borgarmeister Israel Gal
Kart
Kiryat Ono
32°03′49″N 34°51′19″E / 32.063611111111°N 34.855277777778°E / 32.063611111111; 34.855277777778
Wikimedia Commons: Kiryat Ono

Kiryat Ono (hebraisk skrift קִרְיַת אוֹנוֹ) er ein by i Tel Aviv distrikt i Israel. Han ligg 11 km aust for Tel Aviv. Den moderne Kiryat Ono må ikkje forvekslast med den bibelske Ono. Den bibelske byen Ono (Første Krønikebok 8:12; Nehemja 6:2) har av fleire forskarar blitt identifisert som den arabiske landsbyen Kafr Ana, der Or Yehuda no ligg.[2] Mot slutten av 2007 hadde han eit folketal på 31 000.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein busetnad kalla Kfar Ono vart grunnlagd i 1939. I 1950-åra vart det oppretta ein ma'abara (transittleir for nye immigrantar) i nærleiken. I 1954 vart busetnaden slått saman med andre nærliggande busetnader for å danne Kiryat Ono. Han fekk bystatus i 1992.[3] Han byrja å vekse under det britiske styret av området, truleg fordi han låg nær militærområdet som i dag vert kalla Tel Hashomer British Base. Eit einsamt tre står på ei høgd over basen. Dette treet er blitt nytta som eit andeleg og kulturelt ikon for byen. Området kring treet var eigd som jordbruksland og driven av Aryeh Konikov. Då treet vart planta, verka det unikt for plasseringa si og Konikov stelte med det og vedlikeheldt landområdet kring det i mange år.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kiryat Ono er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014. 
  2. Walid Khalidi, All that Remains, Washington, D.C. 1992, s. 247-248; Carta's Official Guide to Israel, Jerusalem 1983, s. 358.
  3. «Qiryat Ono (Israel)». Crwflags.com. Henta 23. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]