Hopp til innhald

Kismul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kismul
stad
Kismul
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 85
Ferdselsårer Kismulvegen
Wikimedia Commons: Kismul

Kismul er ein gard i Fana i Bergen kommune på sør- og søraustsida av Kalandsvatnet.

Det er framleis gardsdrift på garden.

Gardsbruk på Kismul

Namnet kan ha samanheng med det norrøne kjóss, som tyder «lita vik» og múli, som tyder mule, som i eitt breitt nes eller ein bergknaus.

Garden høyrte i mellomalderen til Lyse kloster, og etter reformasjonen til Lyseklostergodset. Frå kring 1874-1876 i bondesjølveige.

Nesttun-Osbanen hadde ein stasjon på Kismul.

Garden dekkjer den austlege delen av sørsida langs Kalandsvatnet, vest for Kalandseidet. Den austlege grensa går ved Ertrevågen, og sørover til kommunegrensa mot Os, like nord for Lyshornet (405 moh). Den vestlege grensa går frå midten av Ulvvatnet og nordover.

Garden grensar til Fortunet i aust, Kaland og Austevoll i nordaust, Smådal i nord, Sæle i vest, og Hamre i sørvest. I sør ligg Os kommune.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kismul