Kittil Askildt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kittil Askildt


Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. november 1900
Skien kommune
Død

6. september 1978 (77 år)
Sauherad

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1924, Sommar-OL 1928

Kittil Halvorsson Askildt (24. november 19006. september 1978) var ein norsk friidrettsutøvar, fødd og død i Sauherad. I tida 1925-33 vart han sjufaldig norsk meister i diskoskasting. Han var medlem i idrettslaget Hermod.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Askildt deltok i Sommar-OL 1924 i Paris og vart femtemann i diskos med eit bestekast på 43,40 meter, medan han kulestøyt vart nummer 15. Same sesongen kom han bronseplass i diskoskast under noregsmeisterskapen i Oslo. Åra 1925 og 1926 vann han NM-gull i diskoskast med totallengdene 81,63 m og 82,84 m, fram til dess vart øvinga avgjort utifrå best kast samanlagt med både høgre og venstre hand. I den sistnemnde meisterskapen, 22. august 1926 på Bislett stadion i Oslo, vart Askildt norsk meister på norsk rekord, medan han med si beste hand kasta diskosen til skandinavisk rekord på 46,48 meter, hans livs lengste kast. I 1927 vart han norsk meister for tredje gong med meir moderate 42,11 m.

År 1928 kasta Askildt 42,75 m i noregsmeisterskapen og fekk bronse i diskoskast. Under Sommar-OL 1928 i Amsterdam var han norsk flaggberar, og enda på trettandeplassen med 42,57 meter. Dei neste to åra presterte Askildt bestekast på høvesvis 45,42 m og 45,11 i NM, noko som gav han gullmedaljen i begge meisterskapane. Etter sølv i spesialøvinga ved NM 1931 bakom Harald Stenerud, tok Askildt NM-gull nummer 6 i 1932 og nummer 7 i 1933. I den siste meisterskapen sigra han med eit kast 45,42 m, fattige 10 cm framom unge Helge Sivertsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]