Kittill K. Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kittill K. Berg
Fødd17. august 1903
Død17. april 1983
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar

Kittill Kristoffersen Berg (17. august 190317. april 1983) var ein norsk arbeidar og gardbrukar frå Rollag. Han representerte Buskerud og Norges Kommunistiske PartiStortinget i perioden 1945–49.

Berg arbeidde fyrst som gardsgut, seinare som skogsarbeidar. På slutten av 1920-talet dreiv han eige sementstøyperi i heimbygda. Frå 1924 til -54 hadde han sesongarbeid med tømmerfløyting i Numedalslågen. Frå 1936 dreiv han småbruket Bråten. I 1950 byrja han føre landbruks-reknskap, eit yrke han sysla med til han døydde.

I 1925 var Berg med om å stifte lokallag av Det norske Arbeiderparti i Rollag. Valperioden 1938-40 var han medlem i kommunestyret i heradet. I 1939 melde han seg inn i Norges Kommunistiske Parti. Hausten 1945 han skipa NKP-lag i Rollag, eit lokallag han leia til han døydde. Same året vart han vald til varaordførar i heradet.

Berg var medlem av hovudstyret i Norsk Skog- og Landarbeiderforening frå 1931 til 1933 og av landsstyret i [[Norsk Bonde- og Småbrukarlag99 frå 1963 til 1967. I 1939 var han med å stifte Rollag El-verk og sat i styret til han døydde. Han var også medstiftar av Rollag Maskinlag og Rollag driftskredittlag og ein aktiv kar i småbrukarlag og faglag, både på lokalt, regionalt og nasjonalt plan.

Frå desember 1946 møtte Berg på Stortinget som ein av 11 NKP-representantar. På Tinget var han medlem i Justiskomiteen. Han var medlem 1945-49 av sentralstyret i NKP og 1945–73 av landsstyret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]