Kivlemøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kivlemøyane er ei kjend segn knytt til Kivledalen i Seljord. Til segna høyrer òg ein slåttekrins og ei vise.

Segna[endre | endre wikiteksten]

Dèr è ei fjøllbygd i Siljor, som dei kallar Kivlegrènni; dèr heve stae ei kyrkje i gamla dagar, å dè syner tufti ette ho endå. Dei heve ei gòmòl sogu, at dè va eigòng presten va i den kjørkja å sku halde messe, å då hènde dè seg, at best som folkje va kòmne inn i kjørkja, sò høyrde dei slikt ett vent spel burt i fjelle tett åmafe kjørkja, at dei gjekk ut, kvòrt menneskje, som inne va, bare te lye på spele. Då va dè tre gjentur, som gjætte geitann sine upp i markji, å dei ha kvòr sitt honn, som dei bles i; men dè va ikkje sòvore uvandt spel, som andre hjuringar brùkar, ska eg tru; dè va slike slåttar, som inkje menneskje ha høyrt før, å så inderlè vene, at fysst ein bare høyrde alder så lite av dei, så gløymde ein alt anna i vèri, å blei så forfjamsa, at ein visste ikkje meir hòr ein va kòmen. Presten sto eismall att inn i kjørkja å venta på at folkje skille kòma innatte; men då han såg, at dè inkje blei, så gjekk`en ut å ba dei gange innatte; men dè va ikkje te tènkje på te få dei dèrifrå, - dei sto som dei va naglde fast, å inkje kunna kòm` av flekkjen. Så ropte han te gjentunn som spela, å ba dei halde upp, men dei lydde ikkje ette nokon ting. Han ropte tvo tre vendur, men dei spela like friskt, å almugjen sto bisna å lydde like eins som før. Då harmas presten, å så rette han håndi å lyste forbannels ivi hjuringgjentunn, fe dè dei lokka folkje oto kjørkja. Å så blei dè ende på spele mè dè sama; gjentunn blei upp i stein, å gjeitann deiras like eins. Dèr blei dei standans, å dèr stènd`e dei endå, gjentunn mè honni sine fe munnen, å gjeiteflokkjen rundt ikring dei, så at dè ser ut som ei urd. Dèr è nokle slåttar, som spelarann plagar spela summetier; dei ska vera av spele te dissa hjuringgjentunn (helle kivlemøyann, som edi javnaste bli kalla), å dei slåttann è langt venare ell` alt anna spel, men dei è vel inkje nåme nære så vene som dè kivlemøyann spela. (etter Ivar Aasen: Norske minnestykke. Målføre frå Seljord.).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Segna er knytt til ein underleg steinformasjon i Skorve, ikkje langt unna Kyrkjesteinen i Kivledalen. Der er det tre knausar som skyt fram frå sjølve fjellet, som er rekna som ei avbilding av dei tre jentene.

Spelet til dei underjordiske, som er så vent at det lokkar kyrkjelyden utor kyrkja, slik at dei gløymer Guds ord, og reaksjonen til presten på det same, er grunntemaet i segna. Det nyttar eit orfisk motiv, som handlar om venleiken i musikken. I mange variantar av segna er det tydeleg at forteljaren klandrar presten, av di han ikkje skjøna musikken, som held seg levande i alle år etterpå. I nedskrifta over er det tydeleg at jentene er huldrefolk, medan andre variantar gjer dei meir menneskelege. Visa om Kivlemøyane gjev jentene namn: Kari, Mari og Gro.

Ein variant tidfester segna til katolsk tid, og messa skal ha vore halden av den siste katolske presten i Seljord. Han heitte Jens Lavrantsson.

Hjå Andreas Faye finst ein variant der det er tre skjoldmøyar som spelar, ikkje tre hjurdinggjenter. I Setesdal finst det nokre liknande slåttesegner om slike, og slåtten er her kalla Skjoldmøyslaget. I denne varianten er segna knytt til Austad, og jentene bles i lur.

Slåttekrinsen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Kivlemøyslåttane.

Slåttekrinsen Kivlemøyane er sett saman av fire slåttar, ein gangar, ein springar og to lyarlåttar. Til saman fortel dei heile segna, og alle dei fire lutene har namn som knyt dei til bolkar av soga om Kivlemøyane. Slåttane har vore spela samla og kvar for seg, og dei har vore spela både på hardingfele og seljefløyte. Krinsen på fire slåttar er spela på Trollstilt (A-E-A-Ciss). Springaren i Kivlemøy-krinsen på trollstilt finst i mange variantar, på Voss og i Hallingdal. Dei to siste slåttane i krinsen har og vore spela på A-E-A-E (Halvgrått), mellom anna av Eivind Groven, som og spela gangaren på Seljefløyte.

Systerslåttane, som er knytt til same forteljinga, finst det tre av, og desse er spela på understilt (F-C-A-E). Desse slåttane finst berre i tradisjon etter Håvard Gibøen, og er mellom anna skrivne ned etter Johannes Dale og Høye Kvåle.

Edvard Grieg nytta to av desse slåttane som forelegg for sin opus 72, etter nedskrifter Johan Halvorsen gjorde i møte med spelemannen Knut Dale.

Nedskrifter[endre | endre wikiteksten]