Kivusjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kivusjøen
innsjø
Land  Kongo,  Rwanda
Del av Dei store sjøane i Afrika
Kart
Kivusjøen
1°51′11″S 29°08′07″E / 1.8530555555556°S 29.135277777778°E / -1.8530555555556; 29.135277777778
Wikimedia Commons: Lake Kivu

Kivusjøen er ein innsjø på grensa mellom Den demokratiske republikken Kongo og Rwanda. Han ligg i Albertinerifta, den vestlege delen av Riftdalen i Afrika. Kivusjøen har utløp gjennom elva Ruzizi, som renn sørover til Tanganyikasjøen.[1] Innsjøen høyrer til Dei store sjøane i Afrika.[2]

Sjøen er rundt 90 km lang og 50 km brei på det vidaste.[2] Han har eit areal på rundt 2 700 km² og er dermed dne 8. største sjøen i Afrika.[1] Kivusjøen ligg på ei høgd av 1 461 moh. Han ligg i ein riftdal som sakte utvidar seg, noko som gjev vulkansk aktivitet i området. Dette gjer òg at sjøen er usedvanleg djup, og med ei gjennomsnittsdjupne på 237 meter og ei største djupne på 480 meter er den 15. djupaste innsjøen i verda. Innsjøen er omringa av høge fjell. I den sørlege delen av sjøen ligg øya Idjwi, som er den tiande største øya i ein innsjø i verda og høyrer til Virunga nasjonalpark. Dei største byane ved Kivusjøen e Bukavu og Goma i Kongo og Gisenyi, Kibuye og Cyangugu i Rwanda.

Den første europearen som vitja sjøen var tyskaren Gustav Adolf von Götzen i 1894. Området rundt sjøen har vore ein sentral åstad for konflikten mellom hutu- og tutsi-folka i Rwanda, og deira allierte i Kongo, som blant anna har ført til folkemordet i Rwanda i 1994 og den fyrste og andre krigen i Kongo. Kivusjøen var særleg berykta som ein dumpestad for offera frå folkemordet.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The Largest Lakes in Africa». WorldAtlas. 
  2. 2,0 2,1 Scheffel, Richard L.; Wernet, Susan J., red. (1980). Natural Wonders of the World. United States of America: Reader's Digest Association, Inc. s. 206–207. ISBN 978-0-89577-087-5.