Kjærlighet i koleraens tid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjærlighet i koleraens tid, originaltittel El amor en los tiempos del cólera, er ein roman av den colombianske forfattaren og nobelprisvinnaren Gabriel García Márquez. Romanen kom ut på spansk i 1985 og vart omsett til bokmål av Kjell Risvik i 1986.[1] Ei engelskspråkleg filmatisering vart utgjeven i 2007.[2]

Handlinga[endre | endre wikiteksten]

Hovudpersonane i romanen er Florentino Ariza og Fermina Daza. I ungdomen blomstrar eit løynleg tilhøve mellom dei to ved hjelp av Fermina si tante Escolástica. Dei utvekslar fleire kjærleiksbrev. Men når faren åt Fermina, Lorenzo Daza, finn ut om tilhøvet, tvingar han dottera si til å slutte å sjå Florentino umiddelbart. Når ho nektar å lyde, tar Lorenzo dottera med og flyttar inn med familien til den avlidne kona si i ein annan by. Uavhengig av avstand, held Fermina og Florentino fram å kommunisere via telegrafen. Men når ho er tilbake i heimbyen, innser Fermina at tilhøvet hennar til Florentino ikkje var noko anna enn ein draum sidan dei praktisk talt er framande; ho bryt av engasjementet med Florentino og returnerer alle breva ho mottar.

Ein ung og dugeleg nasjonalhelt, Dr. Juvenal Urbino, møter Fermina og byrjar å gjere kur til ho. Til trass for den første motviljen hennar mot Urbino, gjev ho etter for faren sine overtalingar giftar seg til velstand med Urbino. Urbino er ei lege vigd til vitskap, modernitet og «orden og framgang». Han er forplikta til utrydding av kolera og til å fremje offentlege arbeid.[3]

Sjølv etter Fermina sitt giftarmål, ventar Florentino på ho. Som eldre, freistar Urbino å ta papegøyen sin ned frå eit mangotre, berre for å falle av stigen og døy. Straks etter gravferda proklamerer Florentino kjærleiken sin til Fermina igjen og fortel ho at han har heldt seg trufast til ho i alle desse åra. Nølande gjev Fermina han til slutt ein ny sjanse. Dei freistar eit liv saman, etter å ha levd to liv kvar for seg i over fem tiår. Mot slutten av forteljinga, kjem Fermina å akseptere Florentino sin visdom og livsrøynd, og kjærleiken deira får lov til å blomstre gjennom alderdomen.

Andre karakterar[endre | endre wikiteksten]

  • Lorenzo Daza - Faren åt Fermina Daza er ein muldyrkjørar som foraktar Florentino. Han er openbert involert i illegale verksemder for å byggje formuen sin.
  • Jeremiah de Saint-Amour - Ein fotograf og sjakkspelar, på grunnlag av indisium meint å vere død av sjølvmord ved opninga av romanen, gjennom romanforteljinga blir det fleire tilbakeblikk til han og referansar bl.a. til omstenda ved gravferda
  • Tante Escolástica - Kvinna som freistar å hjelpe Fermina i den tidlege romansen med Florentino ved å overlevere brev mellom dei. Til slutt sender Lorenzo Daza henne bort for dette.
  • Tránsito Ariza - Florentino si mor.
  • Hildebranda Sánchez - Fermina si kusine.
  • Frøken Barbara Lynch - Kvinna som Urbino innrømmer å ha hatt ein affære med, det einaste sidespranget gjennom det lange ekteskapa sitt.
  • Leona Cassiani - Ho startar som «personleg assistent» til onkel León XII på Karibiens Elvekompani, (K.E.K.) selskapet som Florentino slutt styrer. På eitt punkt, er det avslørt at dei to deler ein djup respekt for kvarandre, og kanskje til og med kjærleik, men vil aldri vere saman. Ho har morskjærleik for han som eit resultat av hans «velgjerd» i å redde ho frå gatene og gje ho ein jobb.
  • Diego Samaritano - Kapteinen på elvebåten som Fermina og Florentino reiser med på slutten av romanen.
  • América Vicuña - Den fjorten år gamle jenta som mot slutten av romanen blir send for å bu hos Florentino; han er verja hennar medan ho er på skolen. Dei har eit seksuelt tilhøve, og etter å ha blitt avvist av Florentino og stryk til eksamen, tar ho livet av seg.

Omgjevnadene[endre | endre wikiteksten]

Historia føregår hovudsakleg i ein ikkje namngjeven hamneby ein stad i nærleiken av Det karibiske havet og på Magdalenaelva. Gjeve at Rafael Núñez er nemnd som «forfattar av nasjonalsangen», er landet sannsynlegvis Colombia. Medan byen blir verande namnlaus gjennom heile romanen, er skildringar og namn på stadar som peikar mot Cartagena med tillegg av Magdalenaelva, som møter havet ved den nærliggande byen Barranquilla. Den fiktive byen er delt inn i område slik som «visekongenes bydel» og «Portal de los Escribanos» (Dei skriftslærdes arkade). Romanen føregår omtrent i perioden 1880 og 1930. Byen sine «dampande og søvnige gater, rotteåtatt kloakk, gamle slavekvartal, rotnande kolonialarkitektur, og mangfaldige innbyggjarar» er nemnt i teksten om liva til karakterane. Stader innanfor historia er:

  • Huset Fermina deler med mannen sin, Dr. Juvenal Urbino
  • «Korttidshotellet» der Florentino Ariza held til for ei kort tid
  • Ariza sitt kontor hos elvekompaniet
  • «Portal de los Escribanos»
  • Magdalenaelva, i siste kapittel blir det nemnt at La Dorada er siste hamna etter elleve dagar på elvereise.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Oppslag i romanen i omsetting til bokmål, bokylla, Nasjonalbiblioteket
  2. Love in the Time of Cholera nettside hos Warner Bros, henta 24. januar 2017
  3. Morana, Mabel (winter, 1990). "Modernity and Marginality in Love in the Time of Cholera". Studies in Twentieth Century Literature 14:27–43

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]