Kjølhaling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit tresnitt som synar kjølhaling som straff.

Kjølhaling var ein straffemetode nytta til sjøs i gamal tid, og gjekk ut på å dra den som skulle straffast i eit tau under skipet frå den eine sida til den andre. Det var skipssjefen, kapteinen på skipet, som kunne gje medlem av mannskapet ein slik straff.

Kjølhaling av fartøy[endre | endre wikiteksten]

Kjølhaling av eit skip ved å krengje det mot ei kai.
I den franske marinen vart kjølhaling rekna som ei for barbarisk straff. Slik det går fram av biletet, gjekk difor den franske utgåva av kjølhaling ut på å heise tre gongar ned i vatnet han som skulle straffast, som fekk ei kanonkule på 30 pund festa til føtene.

Nemninga kjølhaling var òg nytta om ein metode for å kunne kome til og få reparert og halde ved like dei delane av seglskuter som elles var under vatn. Ved å feste tau i mastene og drage dei ned, vart skuta krenga inn på land på eit skråplan i strandkanten, kunstig tillaga eller naturleg, ofte kalla bradbenk, eller mot kaia, slik at den eine sida av skuta heilt ned til kjølen kom over vatnet. Slik kunne skipsskroget vorte ettersett, reparert og skrapa for tilgroing på heile eine sida på ein gong. Kjølhaling måtte ofte gjerast for å tette sprekker og mellomromma mellom borda i treskuter med drev og bek, såkalla kalfatring, i tillegg til å ta vekk den tilgroinga som både øydela skroget og bremsa på farta.

Kaiområdet Bradbenken på austsida av Vågen i sentrum av Bergen har fått namnet etter eit kjølhalingsverft, ein bradbenk, som låg her frå 1602 til 1878[1].

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]