Kjølhaling av fartøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjølhaling av eit skip ved å krengje det mot ei kai.

Kjølhaling av fartøy er å krenge det så mykje over på sida at ein kan kome til å arbeide under botnen på det. Til kjølhaling har det vorte brukt kraftige taljar og spel. Til vanleg vart eine enden av taljen fest eit stykke opp i mastra. Andre enden vart godt festa på ein lekter eller i land. I mange hamner var det kjølhalingsklampar der ein kunne feste taljeblokka. Hadde fartøyet fleire mastrer bruke ein fleire taljar.

Kjølhaling var krevjande både for mannskap og fartøy. I tillegg til at alt laust måtte stuast og surrast, vart fartøyet gjerne stiva av innvendig. Mellom anna vart det sett støtter mot mastra ned ved kjølsvinet. Ofte vart riggen forsterka og det vart teke omsyn til mogleg skamfiling. Ein hala i taljane til fartøyet krenka så mykje at kjølen var over vatnet.

Kjølhaling var òg nemninga for ein pinsam straffemetode til sjøs i gamal tid. Ved hjelp av tau vart den som skulle straffast, drege under vatnet frå eine sida av skipet til hi side.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jens Kusk Jensen: Haandbog i praktisk sømandsskab. København 1982.