Kjølnes fyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjølnes fyr i 2013.
Maskinhus, bustad og andre bygningar i tilknyting til Kjølnes fyr.
Kjølnes fyr
Foto: Christer Gundersen

Kjølnes fyr er eit fyr i Berlevåg kommune i Finnmark. Fyret er 22 meter høgt, og er i dag automatisert. Det står cirka 4 kilometer austom Berlevåg. Området det står på vert i dag brukt til hotell- og restaurantverksemd. Fyret er oppført i den funksjonalistiske arkitekturen knytt til etterkrigstida og lyser frå 12. august til 24. april.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlegare fyra[endre | endre wikiteksten]

Det har vore fyr i området sidan 1900, då Berlevåg fekk sitt første fyr. Dette var eit primitivt fyr som gjekk på parafinfyring, med 7,2 NM lysvidde. Det budde på den tida 32 menneske i nærområdet, og det var blant desse ein fann fyrvaktaren og assistentane hans. Om kapasiteten er det sagt at dei første fyrvaktarane éin gong i veka fylte 20 liter parafin på parafintanken. All frakt til og frå fyret vart gjord med båt og vart gjord heilt fram til 1959.

I 1913 skulle lokale fiskarar frå Berlevåg be om eit nytt fyr med betre lysvidde kom til kommunen. Dette ønsket vart løyvt, og eit nytt fyr med betre rekkjevidde vart fullført hausten 1916. Som følgje av krigen vart berre bifyret teke i bruk med det første. Bifyret vart først tent 1. august 1916, og hovudfyret sende sitt første lys i oktober 1918. Det nye fyret var sortmalt og oppført i støpejern, 20,8 meter høgt, med bifyr montert i andre etasje til fyret. Lynblinkapparatet gav tre blink kvart 15. sekund, og fyret kunne på ein vanleg dag ta 9 kg olje. For stasjonen i sin heilskap var årsforbruket på 1200 kg olje.

Fram til 1945 var det tre fyrvaktarar ved Kjølnes fyr, kvar med sine eigne assistentar og reserveassistentar. Grannsemda som vart kravd av desse var særs høg, og ein førte flittig journal over det meste av forbruk, utgifter og liknande. Til dømes er regelverket for måling av olje, der ikkje mindre enn to menneske måtte vitna at om fyrvaktaren (eller ein av assistentane hans) førte rett mengde olje, og at mengda av olje som vart vegen opp ikkje var over eller under ei særskild vekt som vart sett på førehand.

Eit nytt fyr[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1944 trekte den tyske okkupasjonsmakta seg vestover til Lyngen i Nord-Troms, og Hitler gav ordrar om bruk av den brende jords taktikk i landområda dei forlét. Berlevåg og det aller meste av Finnmark og Nord-Troms vart offer for taktikken, som innebar ei total nedbrenning av hus, nedslakting av husdyr og tvangsevakuering av folkesetnaden. Få dagar før skipa med menneske segla frå Berlevåg, vart Kjølnes fyr delvis bomba av det tyske kystbatteriet, som låg omtrent fem til seks kilometer vest for fyret. Med kaliber på opptil 14,5 cm vart over 100 skot avfyrte, og fyret vart lagt delvis i ruinar.

Etter krigen sette folkesetnaden opp eit særs provisorisk fyr i form av ei sterk lanterne, men i 1947 gjekk eit arbeidslag på 40 menn laus på oppgåva med å byggja eit nytt fyr. Etter to år stod dagens fyr klart, med to bustadhus, fire utedoar, fire bodar og fire båthus, og dessutan maskinhus for den nye elektriske fyrlykta. Fyret, den gongen som no, stod 22 meter høgt (lyshøyde 25,7 meter over flomålet), med 15 NM lysvidde, eller rundt 27 kilometer.

I 1957 vart fyret tilkopla straumnettet, med eigen 110 V transformator, og fyret fekk sin eigen tåkelur. To år etter vart vegen mellom Berlevåg og Tana fullført, som tydde at ein kunne ta seg fram til fyret med bil. I 1975 vart fyret ein turnusstasjon og hadde ikkje lenger noko permanent mannskap. Automatiseringa hende i 1989, saman med ombygging til eit straumsystem på 12 V.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Kjølnes fyr i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren