Kjølsdalen Musikklag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjølsdalen musikklag er eit brasskorps med om lag 30 musikantar (2007). Musikantane kjem frå skulekrinsane Kjølsdalen, Stårheim, Haugen, Hjelle og Nordfjordeid, men har hatt, og har, musikantar frå nabokommunane. Musikantane er i alderen 16 til 59 år (2007).

Korpset legg vekt stor vekt på det sosiale, men også det musikalske. Musikklaget har vore med på konkurransar sidan 1994 då vi debuterte i NM, og på desse åra har det vore ei stor musikalsk utvikling i korpset. I NM for brassband 2007 kom korpset på 2. plass i 4. divisjon, noko som gjev høve til å stille i 3. divisjon i 2008.

Konkurransane har ikkje vore noko mål i seg sjølv, men verkemiddel til å bli betre. Korpset held mange konsertar i løpet av året.