Kjølsdalen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjølsdalen kyrkje
kyrkje
Foto: kirkenorge.no
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Kjølsdalen
Fellesråd Stad
Type Langkyrkje
Arkitekt Hans Fredrik Crawfurd-Jensen[1]
Material Tre
Innvigd 13. september 1940[1]
 - Endringar 1992
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 350 [1]
Kart
Kjølsdalen kyrkje
61°55′04″N 5°37′26″E / 61.91778°N 5.62389°E / 61.91778; 5.62389
Wikimedia Commons: Kjølsdalen kirke

Kjølsdalen kyrkje står nedst i Kjølsdalen i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1940.[1]

Kjølsdalen kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Kjølsdalen kyrkje

Kyrkja vart ført opp etter same teikningane som Hildrestranda kapell i Haram. Teikningane var laga av riksarkitekt Hans Fredrik Crawfurd-Jensen.[1] Inventaret er frå byggjeåret eller seinare, bortsett frå eit krusifiks på altaret som truleg er frå den gamle Davik kyrkje.

Under Nyårsorkanen i 1992 vart kyrkja mykje skada og nærpå blesen overende. Etter eit stort reparasjonsarbeid og montering av ståldragarar vart kyrkja betre sikra mot liknande i framtida.

Kjølsdalen kyrkje er soknekyrkje i Kjølsdalen sokn i Nordfjord prosti. Då kyrkja var bygd høyrde området til Davik prestegjeld, og før dei fekk Kjølsdal-kyrkja sokna dei til Davik kyrkje på sørsida av fjorden. Kjølsdalen vart utskild som eige sokn frå Davik i 1954, og i 1965 vart Kjølsdalen overført frå Davik til Eid prestegjeld.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Kjølsdalen kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 2. mars 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]