Kjønna formeiring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Formeiringssyklusen ved kjønna formeiring. Ved meiose blir kromosomtalet halvert frå diploid (2n) til haploid (n). Under befrukting går haploide kjønnsceller parvis saman til befrukta celler med diploid kromosomtal (2n).

Kjønna formeiring eller seksuell reproduksjon er ei form for formeiring der arvematerialet frå to organismar blir brukt til å danna avkom, til forskjell frå ukjønna formeiring, der berre éin organisme er opphav til avkom. Bakteriell konjugasjon er ein liknande prosess for utveksling av arvemateriale blant bakteriar, men er ikkje det same som kjønna formeiring.

Kjønna formeiring er den viktigaste formeiringsmåten for fleircella organismar: Nesten alle dyr og, i det minste delar av tida, plantar. Det eldste kjende dømet på kjønna formeiring er frå eukaryotar (raudalgen Bangiomorpha pubescens) som levde under steniumtida, for mellom 1 og 1,2 milliardar år sidan. Kjønna formeiring spreidde seg, truleg fordi det tillét utviklinga av komplekse fleircella organismar.[1] Ein annan fordel er genetisk rekombinasjon som gjer at foreldre kan ha avkom der genene er rekombinerte, det vil seia at avkommet er forskjellig frå foreldra og innbyrdes. Dette kan gjeva ei heil gruppe evolusjonære føremoner.

Innan kjønna formeiring finn ein to viktige prosessar: Meiose, celledeling som fører til halvering av kromosomtalet i nye kjønnsceller, og befrukting, der to ulike kjønnsceller smelter saman og oppnår det fulle kromosomtalet ved å blanda arvematerialet. Ein art kan ha kjønna formeiring der indidivid har eitt av to kjønn, i mange høve hannkjønn og hokjønn, etter kva type kjønnscelle dei produserer. Ulike kombinasjonar av kjønnsceller er mogleg: Isogami, der kjønnscellene frå dei ulike organismane er like kvarandre, og heterogami, der dei er ulike. Oogami er ei form for heterogami der eine kjønnscella, eggcella, er stor og urørleg, medan den andre typen, sædcella, er liten og rørleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. N.J. Buttefield (2000). «Bangiomorpha pubescens n. gen., n. sp.: implications for the evolution of sex, multicellularity, and the Mesoproterozoic/Neoproterozoic radiation of eukaryotes». Paleobiology 26 (3): 386–404. doi:10.1666/0094-8373(2000)026<0386:BPNGNS>2.0.CO;2.