Kjønnsdimorfisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåalvesmett, Malurus cyaneus, syner dramatisk ulikskap i farger mellom kjønna.

Kjønnsdimorfisme er systematiske skilnader mellom individ av ulike kjønn hjå den same arten. Døme er ulikskap i farger, omtalde som kjønnsdikromatisme, i storleik, og i nærvær eller fråvær av delar av kroppen som blir brukte i kurtise eller kampar. Ofte er kjønnsdimorfisme ei fylgje av seksuell seleksjon som legg vekt på visse særtrekk ved eitt kjønn. Dimorfisme kan òg vera ein føremon for ein art ved at hannar og hoer til dømes kan nytta ulike næringskjelder.

Hjå mange artar, inkludert dei fleste pattedyra, er hannen større enn hoa.[1] Hjå andre, som dei fleste insekt, kongroer, mange fiskar, rovfuglar og einskilde pattedyr som flekkhyene, er hoene større enn hannane. Andre kjønnsspesifikke skilnader er skilnader i farge, nærvær kontra fråvær av visse kroppsdelar som dekorative fjører, hår, horn, gevir eller støyttenner, storleiken på augo hjå nokre insekt, evna til å stikke som hjå ulike artar av årevenger. Kjønnsdimorfisme kan henga saman med ulike åtferdsformer mellom kjønna, som aggresjon, omsut for avkom og anna.

To børstespinnarar av arten Orgyia recens. Hanen (øvst) har store, fleirfarga venger, medan hoa anten manglar eller har forkrøpla venger.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Virvellause dyr[endre | endre wikiteksten]

Eit ekstremt døme på kjønnsdimorfisme finst i slekta Osedax av beinmakkar, som lever på kvalskjelett på havbotnen. Hoene lever i knoklar frå den daude kvalen, hannane lever inni hoene og utviklar seg ikkje forbi larvestadiet, anna enn for å produsera store mengder av sædceller. Hjå leddormen Bonellia viridis, vil larver som eksponerer seg for vaksne hoer utvikla seg til små, halvparasittiske hannar som blir svelgde og lever inni hoa sin genitalsekk. Hjå parasittiske rankeføtingar, Sacculina, er hannane små, frittgåande dyr, medan hoer berre eksisterer som nettliknande vev i vertane sine. Hjå dei fleste skjoldlus, er hoer særs reduserte, utan augo, vengelause, med ikkje-funksjonelle lemer og redusert segmentering. Hoene er feste permanent til vertsplantene sine, medan hannane er ganske vanlege men fargerike insekt, mindre og med venger.

Fiskar[endre | endre wikiteksten]

Stor ho av Cryptopsaras couesii, ein marulk, med hannen fest i nærleiken av kjønnsopninga (pil). Illustrasjon: Tony Ayling

Nokre artar av marulkar viser òg ekstrem kjønnsdimorfisme. Hoene er meir fisktypiske i utsjånad, medan hannane er små enkle skapningar med forkrøpla matmeltingssystem. Ein hann må finna ei ho og smelta saman med ho: han lever då parasittisk, og blir ein spermproduserande organisme.

Fuglar[endre | endre wikiteksten]

Blant fuglar er kjønnsdimorfisme spesielt tydeleg hos ender og dei fleste hønsefuglane. Dette er kanskje mest dramatisk hjå påfuglartar. Hannfasanar er påviseleg større enn hoene og har sterkare farger, og hoene er vanlegvis brune uavhengig av art. Hjå nokre fuglar har hoa ljosare farger enn hannfuglen, dei fleste av desse tilfella er vadarar som symjesnipene og riksesnipene. Sidan dette er motsett av vanleg kjønnsdikromatisme, blir det kalla «omvendt kjønnsdimorfisme». Hjå mange rovfuglar er det hoene som er størst, ofte med ein merkbar skilnad. Dette synest å redusera konkurransen mellom medlemene av eit par, som får ulike optimale storleikar på byttedyra dei tek. Nokre tilfelle av kjønnsdimorfisme hjå fuglar er så slåande at hannar og hoer av same art lenge var tekne for å vera medlemer av heilt ulike artar, som i tilfelle av edelpapegøye, Eclectus roratus, der hannen er mest heilt grøn med eit oransje nebb og hoa er skarlakraud og djup blå med eit svart nebb.

Svartflikfugl, Heteralocha acutirostris, med ulike eigenskapar ved nebba slik at dei unngjekk konkurranse om føda innbyrdes i paret

Den no utdøydde svartflikfuglen, Heteralocha acutirostris, på Ny-Zealand, var eit anna slåande døme på kjønnsdimorfisme. Hannar hadde eit kort, skarpt og kraftig nebb, medan hoa sitt nebb var langt, tynt og halvmåneforma. Dette sære utviklingstrekket tillét paret av svartflikfugl å søkja i ulike matkjelder, hannar braut opp rotne stokkar, medan hoer var flinke til å søkja inn ferskt trevirke etter larver.

Pattedyr[endre | endre wikiteksten]

Orangutangfamilie. Orangutangar har stor grad av kjønnsdimorfisme, mellom anna i storleik. Hannane kan bli over dobbelt så tunge som hoene.

Einskilde tilfelle av kjønnsdimorfisme har openbert andre funksjonar utover det å vekkja merksemd blant potensielle partnarar. Eit døme på dette er gnu, og mange hjortedyr. Horna hjå hannar er mykje større, slik at dei kan engasjera seg meir effektivt i kampar om paringsprivilegium.

Menneske har, som andre primatar, ein viss grad av kjønnsdimorfisme. Gjennomsnittleg høgd og tyngd er større for menn, men einskilde kvinner kan vera større og/eller tyngre enn einskilde menn. Kvinner har gjennomsnittleg større del kroppsfeitt. Andre moglege ulike trekk er større mengd kroppshår og større mogelegheit for å bli skalla hjå menn, mindre melaninpigmentering hjå kvinner som dimed kan ha ljosare hud, hår og augo. Utforminga av skalle og bekken er ulik hjå menn og kvinner, og menn har eit tydelegare adamseple.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lindenfors P, Gittleman JL & Jones KE, Sexual size dimorphism in mammals, in: Fairbairn DJ, Blanckenhorn WU & Szekely T (eds) Sex, size and gender roles: evolutionary studies of sexual size dimorphism (Oxford: Oxford University Press, 2007), side 19-26

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kjønnsdimorfisme