Kjønnsidentitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjønnsidentitet er ein person si eiga oppfatting av kva kjønn dei har.[1] Denne identiteten kan svara til det kjønnet ein blir oppfatta å ha ved fødselen, eller kan vera noko anna.[2]

Alle samfunn har eit sett kjønnskategoriar som kan verka som grunnlag til å utvikla ein personleg sosial identitet i høve til andre medlemmer av dette samfunnet.[3] Dei fleste samfunn har grunnleggjande skilnader mellom mannlege og kvinnelege kjønnskjenneteikn,[4] ei todeling eller binær ordning som dei fleste medlemmene følgjer og som omfattar forventingar for maskulinitet og femininitet i alle aspekt knytt til kjønn: biologisk kjønn, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.[5] Nokre samfunn har kategoriar for eit tredje kjønn. Også i samfunn med todelte kjønnsordningar finst det medlemmer som ikkje identifiserer seg med delar av eller nokre av kjønnsaspekta knytt til kjønnet samfunnet knytter dei til.[6] For desse finst omgrep som transkjønn eller intersex.[7]

Grunnleggjande kjønnsidentiet er som regel danna ved treårsalderen.[8][9] Etter denne alderen er det svært vanskeleg å endra,[8] og forsøk på å endra kjønnsidentiteten kan føra til kjønnsidentitetsforstyrring.[10]

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Forståelsen av kjønn og kjønnsidentitet er i endring i Norge og internasjonalt», skreiv ein leiarartikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening i 2018.[11]

Diagnosegruppa kjønnsidentitetsforstyrringar blei teken ut frå diagnosehandboka ICD-11 i 2018. I staden kom diagnosen kjønnsinkongruens.[11][12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sexual Orientation and Gender Expression in Social Work Practice, edited by Deana F. Morrow and Lori Messinger (2006, ISBN 0231501862), page 8: "Gender identity refers to an individual's personal sense of identity as masculine or feminine, or some combination thereof."
  2. Campaign, Human Rights. «Sexual Orientation and Gender Identity Definitions - Human Rights Campaign». 
  3. V. M. Moghadam, Patriarchy and the politics of gender in modernising societies, i International Sociology, 1992: "All societies have gender systems."
  4. Carlson, Neil R.; Heth, C. Donald (2009), «Sensation», Psychology: the science of behaviour (4. utg.), Toronto, Canada: Pearson, s. 140–141, ISBN 9780205645244. 
  5. Jack David Eller, Culture and Diversity in the United States (2015, ISBN 1317575784), s. 137: "most Western societies, including the United States, traditionally operate with a binary notion of sex/gender"
  6. "transvestites [who do not identify with the dress assigned to their sex] existed in almost all societies." (G. O. MacKenzie, Transgender Nation (1994, ISBN 0879725966), page 43.) — "There are records of males and females crossing over throughout history and in virtually every culture. It is simply a naturally occurring part of all societies." (Charles Zastrow, Introduction to Social Work and Social Welfare: Empowering People (2013, ISBN 128554580X), page 234, quoting the North Alabama Gender Center.)
  7. van der Ros, Janneke; Benestad, Esben Esther Pirelli (26. april 2018). Kjønnsidentitet. Store medisinske leksikon. Henta 11. juli 2018. 
  8. 8,0 8,1 Pamela J. Kalbfleisch; Michael J. Cody (1995). Gender, power, and communication in human relationships. Psychology Press. s. 366 pages. ISBN 0805814043. Henta 3. juni 2011. 
  9. Ann M. Gallagher; James C. Kaufman (2005). Gender differences in mathematics: An integrative psychological approach. Cambridge University Press. ISBN 0-521-82605-5. 
  10. Boles, 2013. S. 101-102.
  11. 11,0 11,1 Anne Kveim Lie; Ketil Slagstad. "Den nye diagnosen kjønnsinkkongruens er en anerkjennelse av transpersoners rett til selv å bestemme hvem de vil være". 2018-06-11. Aftenposten. S. 12. "[...] Artikkelen er først publisert som lederartikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening."
  12. «Gender incongruence». ICD-11 for Mortality and Morbidity Statistics. 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]