Kjartan Alexander Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjartan Alexander Lunde

Kjartan Alexander Lunde i valkampen 2015.
Foto: Joachim Steinbru
Fødd12. mai 1987 (36 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
YrkeSivilingenør
EktefelleThea Emilie Svartsund Lunde
VervLeiar i Rogaland Venstre 2012–2023
FøregangarIselin Nybø
EtterfylgjarAnn Elin Piel
Alle verv

Kjartan Alexander Lunde (fødd 12. mai 1987) er ein norsk politikar for Venstre. Han kjem frå Stavanger i Rogaland. Han er tidlegare statssekretær i Klima- og miljødepartementet og i Nærings- og fiskeridepartementet.[1]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Lunde er oppvaksen i Stavanger. Han melde seg inn i Unge Venstre i 2001. Han var leiar i Rogaland Unge Venstre 2006–2010, medlem av Unge Venstres sentralstyre 2009–2010, og direktevalt til Unge Venstres landsstyre 2010–2011. Lunde var i perioden 2012–2023 leiar i Rogaland Venstre.[2][3][4]

I 2011 vart han uteksaminert med ein mastergrad i sivilingeniør i industriell økonomi ved Universitetet i Stavanger. Han arbeidde som rådgivar for Rogaland Venstre, og gjekk deretter over i ei konsulentstilling i Bouvet AS.[5]

I løpet av studietida ved Universitetet i Stavanger vart Lunde valt inn i Studentparlamentet i to periodar, 2009–2011. I perioden 2010–2011 var han også landsstyrerepresentant i Norsk studentorganisasjon. I 2011 var han medlem av fredspriskomiteen til Studentenes fredspris.[6][treng kjelde]

I perioden mellom 2015 og 2023 var Lunde medlem av utval for by- og samfunnsutvikling i Stavanger.

Han var i perioden 2012–2015 styremedlemmer i Dale eigedomsutvikling AS. I mai 2016 vart han styremedlem i Rogaland Teater AS.

Den 26. mars 2021 vart han utnemnd til statssekretær i regjeringa Solberg.[7]

Folkevalde verv[endre | endre wikiteksten]

2023–dd Leiar, Utval for klima og natur i Stavanger [8]
2023–dd Leiar, Klagenemnda i Stavanger
2023–dd Medlem, Administrasjonsutvalet i Rogaland
2023–dd Medlem, Vestlandsrådet
2019–dd Medlem, Fylkesutvalet i Rogaland
2015–dd Medlem, Samferdselsutvalet i Rogaland
2015–dd Leiar, Klagenemnda i Rogaland
2015–dd Medlem, Stavanger bystyre
2015–2023 Medlem, Utval for by- og samfunnsutvikling i Stavanger
2015–2019 Medlem, Gatenavnutvalet i Stavanger
2011–2015 Nestleiar, Kontrollutvalet i Stavanger

Tillitsverv i parti[endre | endre wikiteksten]

2012–dd Medlem, Venstres landsstyre
2012–2023 Leiar, Rogaland Venstre
2006–2011 Styremedlem, Rogaland Venstre
2009–2010 Medlem, Unge Venstres sentralstyre
2006–2011 Medlem, Unge Venstres landsstyre
2006–2011 Leiar, Rogaland Unge Venstre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kjartan Alexander Lunde». Stortinget.no. 
  2. «Kjartan Alexander Lunde». Venstre. Henta 1. november 2023. 
  3. «Ny fylkesleder i Venstre». Rogalands Avis. Henta 19. april 2012. 
  4. «Ho er ny leiar i Rogaland Venstre». Stavanger Aftenblad. Henta 16. mars 2023. 
  5. «– Vil ta Venstre over 10 prosent». Rogalands Avis. Henta 3. mars 2021. 
  6. «Committee of 2011». Student Peace Prize. Henta 2. mai 2012. 
  7. «Kjartan Alexander Lunde utnevnt som statssekretær» (på norsk bokmål). Venstre. Henta 1. november 2023. 
  8. «Kjartan Alexander Lunde». Venstre. Henta 31. oktober 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kjartan Alexander Lunde