Kjeåsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjeåsen med Simadalsfjorden i bakgrunnen.

Kjeåsen er ein fjellgard (med 2 bruk) i Eidfjord kommune i Hordaland. Garden ligg på ein avsats i fjellet ca. 530 moh inst i Simadalsfjorden. Garden er framleis i drift, og er i dag mykje vitja av turistar, særleg frå Sverige. Garden er vorte kalla «verdas mest utilgjengelege».

Kjeåsen kan nåast til fots opp den bratte stien frå Sima kraftverk. Dette var gardsvegen heilt fram til 1974, turen tek ca. 1 - 1 1/2 time kvar veg. Kjeåsen har også det som av nokon vert kalla «verdas dyraste gardsveg», 5 km veg inkludert om lag 2,6 km tunnel frå Simadalen opp til garden. Tunnelen har eitt køyrefelt, med oppkøyring kvar heile klokketime og nedkøyring kvar halve klokketime. Vegen og tunnelen til Kjeåsen vart bygde i 1974 i samanheng med kraftutbygginga i Simadalen. Tunnelen har ikkje ljos.

Namnet Kjeåsen kjem av kje (geitekilling) og ås. Garden har vore busett iallfall sidan 1650-talet. Fram til vegen opp til garden vart bygd, gjekk all transport på den bratte stien frå fjordbotnen. På 1930-talet vart det bygd ein løypestreng som kunne frakta mat og andre varer opp til garden. Innbyggjarane på Kjeåsen måtte likevel bruka stien som før. Det ytre bruket på Kjeåsen vart fråflytt i 1962, men det andre bruket er framleis i drift og har fast busetnad - i dag éin einsleg innbyggjar.

Den svenske forfattaren Bror Ekström vitja Kjeåsen på 1950-talet, og skreiv seinare bok om folket på Kjeåsen. Boka «Folket på Kieåsen» kom fyrste gong ut i 1958, og vart svært populær. I Noreg gav Halldor O. Opedal i 1980 ut boka «Kjeåsfolket i Hardanger - soga om eit utkantfolk». NRK laga tv-program om mellom anna Kjeåsen i serien «SommerDag» i 2002, og i TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]