Kjederekning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjederekning er ein måte å setje opp visse reknestykke som skal lette rekninga ved å gjere henne mekanisk. Kjederekning hadde tidlegare, særleg på 1700-talet, ein viktig plass i undervisninga, men er no lite i bruk. Liknande metodar kan ein òg finne i eldre indisk matematikk.

Eit døme er oppgåva: Kor mange kroner kostar 5 meter tøy når 24 yards kostar £18? (1 yard = 0,914 m, £1 = 18,20 kr). Svaret finn ein ved å dividere produktet av dei tala som står til høgre for streken, med produktet av dei som står til venstre:

x kroner 5 meter
0,913 meter 1 yard
24 yards £18
£1 18,20 kroner

Svaret er kring 75 kroner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]