Kjeglenebb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjeglenebb


Blåryggkjeglenebb, Conirostrum sitticolor Foto: Félix Uribe
Blåryggkjeglenebb, Conirostrum sitticolor
Foto: Félix Uribe
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thraupidae
Slekt: Conirostrum
Vitskapleg namn
Conirostrum
d'Orbigny & Lafresnaye, 1838

Kjeglenebb, eller kjeglenebbar, er ei biologisk slekt Conirostrum av små tanagarar, Thraupidae, som lever i varierte habitat: i skogshabitat, i páramo, i fuktig tåkeskog eller habitat av lågare buskar i Sør-Amerika. Nokre artar er knytt til elver i Amazonas og jamvel atlanterhavskysten, andre lever høgre opp på begge sider av Andesfjella.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Raudaugekjeglenebb, Conirostrum bicolor
Foto: Ingeborg van Leeuwen
Kvitbrynkjeglenebb, Conirostrum ferrugineiventre
Foto: Håkan Sandin

Dette er ei gruppe som er lite einsarta i fjørdrakt, men alle er instektetarar med tynne, rettpeikande nebb. Utsjånaden av nokre artar i Amazonas kan minne om parulaer. Storleiken ligg i området 9,5 til 16,5 centimeter. Dei som lever i Andes beitar regelbunden i fleirartsflokkar.[1]

Største arten er kjempekjeglenebb på opptil 27 gram, 16,5 cm, minste er kvitøyrekjeglenebb på 7 gram, 9,5 centimeter.

Her finst stor variasjon i preferanse for høgder, perlebrystkjeglenebb held seg helst under 150 moh. i indre Amazonas, kjempekjeglenebb typisk 3300–4500 moh. Andes i Peru og Ecuador. Men arten gråkjeglenebb kan treffast i Peru frå stillehavskysten og opp til 4500 moh. i Andes.

Tamarugokjeglenebb er ein trekkfugl som hekkar i nordlege Chile og trekker nordover til sørlegaste Peru vinterstid, i april-november.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Conirostrum i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Schulenberg, side 574
  2. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2017 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kjeglenebb