Kjekkas-rap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjekkas-rap er eit omgrep om den bergenske hiphop-scena si norske gangsta-rap-avart. Uttrykket vart skapt av platemeldaren Øyvind Holen i 2004 i samband med mixteipen "Frykt og avsky i Bergen" med Tier'n & Lars, og har seinare vorte hengande først og fremst på musikken til hiphopkollektivet ATP.

Omgrepet vert stort sett brukt om rapmusikk frå Bergen, men folk som Kleen Cut har òg nytta det i omtale av musikken sin.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Kjekkas-rappen er, som mange andre skandinaviske rap-sjangrar, inspirert av rapmusikk frå både Austkysten, Vestkysten og Sørstatane. Tekstmessig dreiar han seg mykje om å kjekka seg og framstå som kul, men ei rekke songar har òg vorte laga om personlege problem og ting artisten uroar seg over.

Musikalsk er kjekkas-rappen allsidig, men dei tendenserar til å bruka synthbeats oftare enn samplebasert produksjon.

Viktige kjekkas-rap-artistar[endre | endre wikiteksten]

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]