Historisk kjelde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kjelde i historievitskapen)

Innafor historievitskap er nemninga kjelde brukt for å vise til tekstar, gjenstandar eller kjensgerningar. Barthold Georg Niebuhr, sonen til Carsten Niebuhrs, var ein av dei første som definerte dette omgrepet.

Kjeldetypar[endre | endre wikiteksten]

  • Førstehandskjrlder er samtidige vitnesbyrd som augevitneskildringar og dokument utført av personar som sjølv har opplevd hendinga
  • Andrehandskjelder er seinare vitnesbyrd eller basert på andrehandskjelder (til dømes ei nedskrive kjelde basert på ei munnleg beretning)

Vi skil mellom primære og sekundære kjelder. Primære kjelder ligg tidsmæssigt nær på hendinga, sekundære kjelder er seinare.

Former[endre | endre wikiteksten]

Kjelder kan til dømes vera:

  1. skriftlege (dokument, erindringer, brev, og likn.)
  2. bilete (fotografi, maleri)
  3. materielle gjenstandar, (t.d. byggemateriale, myntar, gravfunn)
  4. segl

Verdi[endre | endre wikiteksten]

Kjeldene sin verdi er avhengig av kva for opplysingar som skal bli utleidd av dei. For å bruke ei kjelde må ho blir underkasta kjeldekritikk, eller ei systematisk drøfting av i kva grad vi kan stole på henne, eller rettare kva aspekt ved henne som vi kan stole på. Er kjelda tendensiøs (part i saka)? . Kan ho gje dei opplysingane som vi leitar etter?

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]