Hopp til innhald

Kjelkenes ferjekai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjelkenes ferjekai er ein nedlagd ferjestad på nordsida av Midtgulen i Bremanger kommune i Vestland fylke. Ferjekaia vart opna i 1987 som del av dåverande Riksveg 616 og erstatta det gamle leiet på Kjelkenes. Frå Kjelkenes gjekk ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes til Smørhamn ferjekai.

Med opninga av fase 2 av Bremangersambandet den 16. mai 2013 vart ferjesambandet nedlagt, og sidan er ikkje kaia i bruk.

i 2019 vart vegen mellom Kjelkenes og Kjelkenes ferjekai skilta om til å vera ein arm av Fylkesveg 614.[1]

  1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Arkivert frå originalen 20. juni 2019. Henta 4. august 2022.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]