Kjell Aukrust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell Aukrust

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. mars 1920
Alvdal
Død

24. desember 2002 (82 år)
Oslo

Yrke skribent, kunstmålar, illustratør, teikneserieskapar, manusforfattar
Språk norsk
Far Lars Olsen Aukrust
Kjell Aukrust på Commons

Kjell Aukrust (19. mars 192024. desember 2002) var ein norsk teiknar og forfattar frå Alvdal i Hedmark.

Han var utdanna frå Kunst- og handtverksskulen. Etter krigen arbeidde han i ei tid som avisteiknar i Vårt Land, og vart snart etablert som ein særprega yrkesteiknar.

Kjell Aukrust debuterte med Simen i 1958, og det vart sidan ei rad bokutgjevingar. Bøkene er vortne filmatiserte med stor suksess. Filmen Flåklypa Grand Prix er mellom dei største suksessane i norsk filmhistorie. I 1998 vart teiknefilmen Solan, Ludvig og Gurin med reverompa sett opp på kinoane over heile landet. Dette var den første heilaftans norske teiknefilm nokonsinne. Stykket Krokryggen hadde premiere på Det Norske Teatret i Oslo den 28. februar 1998.

Kjell Aukrust vann Brageprisen sin heiderspris i 1999.

Kjell Aukrust er mellom anna representert i Nasjonalgalleriet og Museet for Samtidskunst. Aukrust-Senteret i Alvdal er i sin heilskap via kunstnaren sitt livsverk. Ei ny Aukrust-utstilling opna 1. oktober 2001 i Skimuseet i Holmenkollen. Utstillinga viste Kjell Aukrust, både som teiknar, forfattar og målar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]