Kjell Bjørndalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjell Bjørndalen
Kjell Bjørndalen.jpg
Fødd 23. juni 1946 (75 år)
Modum
Kjell Bjørndalen på Commons

Kjell Bjørndalen (fødd 23. juni 1946 i Modum i Buskerud) er ein norsk fagforeiningsleiar som tidlegare leia fagforbundet Fellesforbundet. Han vart vald til leiar i forbundet i 1991 og sat fram til 2007, då Arve Bakke tok over. Bjørndalen vart tilsett i Norsk Jarn- og Metallarbeiderforbund i 1977. På landsmøtet til forbundet i 1986 vart han vald som 1. sekretær. På Fellesforbundets konstituerande landsmøte i 1988 vart han vald som leiar i Fellesforbundet sin seksjonen Jern og Metall. Frå 1991 har Bjørndalen vore medlem av LO-sekretariatet, og frå 1992 har han vore medlem av sentralstyret i Det norske Arbeidarpartiet.

Bjørndalen fekk i 2007 den høgaste utmerkinga i norsk fagrørsle, Pioneren.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «En pioner ble takket av». Dagsavisen. 12. oktober 2007. Henta 2. november 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Kjell Bjørndalen