Kjell Fjalsett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell Fjalsett
Fødd1952 (72 år)
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar, musikar

Kjell Sigurd Fjalsett (fødd i 152) er ein norsk gospelsongar og musikar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I ungdomstida forlét Kjell Fjalsett gymnaset for å reisa på turné. Sidan heldt han fram som musikar i 21 år før han endeleg vart utdanna journalist.[1]

Fjalsett vart fyrst kjend då han laga ein norskspråkleg versjon av Negro Spiritual-en Oh Happy Day. Han spelte inn songen på plate hjå Arne Bendiksen på slutten av 1960-åra, og vart mykje spelt på radio. Fjalsett var også med på å arrangera nokre av dei fyrste gospelfestivalane i Noreg. Under Gospelfestivalen på HedmarktoppenHamar i 1972 danna han kvartetten Frisk Luft saman med Arnold Børud, Ivar Skippervold og Rune Larsen. Kvartetten gav ut to LP-ar på syttitalet: Gospel Live (1973) og Frisk Luft 2 (1975).

I 1976 tok Fjalsett til å samarbeida med Rolf Løvland. Løvland var på den tida ein uerfaren artist, men skulle seinare verta kjend for å ha stått bak fleire norske Eurovision-songar. Då Fjalsett fekk platekontrakt med det svenske plateselskapet Pilot, var det Løvland som skreiv og arrangerte dei fleste av songane på plata, som fekk namnet En dag. Plata selde til gull både i Noreg og Sverige. Fjalsett har samarbeidd mykje med Løvland sidan.

Kjell Fjalsett har gjeve ut tre soloplater, samt fem med Frisk Luft. Ein av dei største slagerane hans i dag, er Gullfeber, den offisielle songen frå Ski-VM i 1982. Songen vart skriven av Tore W. Aas og Jan Linnsund, og framført med Anne Lise Gjøstøl. Ein annan er speidarsongen frå 1984 med Hilde Kjeldsen frå Oslo Gospel Choir.

Dei siste åra har Fjalsett vore med på eit comeback med Frisk Luft. Den siste soloplata han har gjeve ut, er Alt har sin tidLynor (2007).[2] Ei norsk omsetjing av Rolf Løvland sin song You Raise Me Up; Reis meg opp, er med på plata. Songen har kome med på Norsktoppen. Fjalsett har også delteke i ein kampanje mot piratkopiering; Piracy Kills Music.

Kjell Fjalsett bur i dag på Jar i Bærum. Han er gift og har tre born.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ballade.no om Frisk Luft, arkivert frå originalen 18. september 2010, henta 3. oktober 2011 
  2. Alt har sin tid på nrk.no[daud lenkje]