Kjell Furnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjell Furnes (fødd 21. juni 1936) er ein ingeniør, politikar og organisasjonsleiar frå GiskeSunnmøre. Han representerte Møre og Romsdal og Kristeleg FolkepartiStortinget frå 1983 til –89. Perioden 1976-83 var han den fyrste direktevalde fylkesordføraren i Møre Romsdal.

Furnes utdanna seg til bygningsingeniør ved Trondheim tekniske skole. Frå 1963 praktiserte han yrket i ulike firma, perioden 1966-75 tilsett i arkitektfirmaet Vestplan A/S. Han var attåt varaordførar i Giske 1970–71 og ordførar i kommunen 1972–75.

Hausten 1975 fekk Furnes plass i det fyrste direktevalde fylkestinget, eit ting som valde han til fylkesordførar i Møre og Romsdal. Med attval for ein ny fireårsperiode var han fylkesordførar 1976–83. Då Kristeleg Folkeparti i juni 1983 gjekk inn Willoch-regjeringa, vart stortingsrepresentant Kjell Magne Bondevik utnemnd til statsråd. Ettersom Furnes var stortings-varamann til Kristeleg Folkeparti, rykte han inn på Stortinget. Frå hausten 1985 hadde han fast tingsete og møtte på Stortinget til 1989. Alle seks stortingssesjonane var han medlem i Finanskomiteen.

Furnes har i alle år vore ein bibeltru kristenleiar. Såleis var han i årevis formann i Det Vestlandske Indremisjonsforbund, landsstyremedlem i Santalmisjonen, krinsformann i Sunnmøre Indremisjon og i Santalmisjonen på Sunnmøre, ei tid styreformann i avisa Norge IDAG og styreformann i Ordet og Israel. I 1993 hevda han at Oslo-avtalen var i strid med Bibelen, noko han grunngav med at Bibelen seier at Israel skal verte større, det gjeld då delar av Libanon, Jordan og Syria, ein palestinsk stat er av den grunn umogleg.

Furnes vart i 2004 tildelt Kongens fortenstmedalje i gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]