Kjell Gjøstein Aabrek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjell Gjøstein Aabrek 3. mai 190130. desember 1967 var ein norsk lektor og politikar frå Bergen. Han var stortingsrepresentant for Det norske Arbeiderparti frå 1951 til 1957.

Aabrek var son til ein kontorsjef. Sjølv utdanna han seg til cand.philol i 1926 og var sidan lektor i Skien, Narvik og heimbyen Bergen. I Bergen var han bystyremedlem 1928-30 og 1945-51.

Aabrek representerte Bergen valkrins på Stortinget i perioden 1951-53 som fast møtande varamann for Nils Langhelle, som 7. mars 1951 vart utnemnd til forsvarsminister i Regjeringa Gerhardsen II. Frå 1954 hadde Aabrek fast plass på Stortinget som 5. representant frå Bergen. Etter å ha vore medlem i Sosialkomiteen i fem sesjonar, hadde han frå oktober 1955 sete i Militærkomiteen.

I 1958 fekk Aabrek stilling som statssekretærStatsministerens kontor i Regjeringa Gerhardsen III. Han sat i denne posisjonen heilt fram til hausten 1965, bortsett frå då John Lyng hausten 1963 var norsk statsminister i fire veker.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kjell Aabrek: Proletarbarnet (Det Norske Arbeiderpartis Forlag, 1935)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]