Kjell Gjerseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjell Gjerseth
Fødd 14. september 1946
Yrke journalist

Kjell Gjerseth (fødd 14. september 1946) er ein norsk politisk aktivist (AKP), journalist og forfattar.

Gjerseth var først aktiv i Unge Høgre, i 1965 som formann i Rogaland Unge Høgre, men gjekk ut derfrå i protest mot Vietnamkrigen. Han vart så aktiv i AKP(m-l) og følgde i linja til 1976 partiet om selvproletarisering som industriarbeid ved Jøtul. Som fagforeiningsaktiv vart han i 1976 landskjent som leiar for ein seks vekers ulovleg streik på Jøtul og året etter som ein av AKParane som var delegatar til LO-kongressen i 1977.

Gjerseths politiske aktivisme dreidde sidan i retning journalistikken og han byrja som journalist i partiavisa Klassekampen. Gjerseth engasjerte seg sterkt i solidaritet med Afghanistan etter den Sovjetiske okkupasjonen av landet i 1979, eit engasjement han har halde på sidan. Den politiske aktivismen på ytste venstre fløy skaffa Gjerseth merksemd frå Politiets tryggingsteneste og han vart overvakt frå 1976 av. Gjerseth vart i 2003 tilkjent 20 000 kroner i erstatning for den delen av POTs overvåkning som var ulovleg.

Gjerseth studerte først journalistikk. I 1972 tok han hovedfag i sosiologi ved Universitetet i Oslo med hovudoppgåva Konflikt – kommunikasjon: en rapport om unge sosialklienter tilknyttet «stoffmiljøene» i Oslo sentrum, deres tradisjon og forhold til Ungdomskontorets Uteseksjon. Han var, i ei tid før han vart industriarbeidar, lektor ved det som då heitte Distriktshøgskolen i Volda.

Gjerseth har òg arbeidd som journalist i Stavanger Aftenblad. Han har lang røynsle frå ulike konfliktområde. Under den første Gulfkrigen var han den einaste norske journalisten som vart igjen i Bagdad. Han har vore framtredande blant motstanden til norske kulturarbeidarar mot USAs angrep på Afghanistan og okkupasjon av Irak, m.a. som bidragsytar i antikrigs-antologien Pax Poeta Det Norske Samlaget 2003.

I 1983 utgav Gjerseth sin hittil einaste roman, Chakoo, frå Afghanistan under den sovjetiske okkupasjonen. For boka fekk han Tarjei Vesaas' debutantpris.

I 1968 var Gjerseth redaktør i studentavisa Universitas.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Nedrebø, Rune (30. januar 2003). «Kjell Gjerseth får erstatning for ulovlig overvåking». Stavanger Aftenblad: 5.
  • Vaage, Lars (1981). Rogaland Høyre 60 år. Stavanger: Rogaland Høyre.
  • «Kjell Gjerseth 60 år». Stavanger Aftenblad: 41. 14. september 2006.