Kjell Helland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjell Helland
Fødd 29. mai 1940
Melhus
Yrke politikar

Kjell Edvard Helland (fødd 29. mai 1940) er ein norsk postmann, politikar og byråkrat frå Melhus. Han representerte Arbeidarpartiet og Sør-TrøndelagStortinget i tida 1973-89.

Helland busette seg i Trondheim, der han var butikkekspeditør 1955-59 og sidan tilsett i Postverket til han i 1973 fekk stortingsplass.

Valperioden 1972-75 var Helland bystyremedlem i Trondheim. Hausten 1973 vart han vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, attvald 1977, 1981 og 1985. På Stortinget var han 1973-77 medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen, 1977-81 i Industrikomiteen og frå 1981 til -89 i Energi- og industrikomitéen.

Etter han avslutta det politiske tilværet på Stortinget, var Helland fylkesarbeidssjef i Sør-Trøndelag gjennom 13 år til 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]