Kjell Henriksen Observatory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjell Henriksen Observatory (KHO) er eit observatoriumSvalbard med meir enn tjuefem optiske og fleire andre instrument for utforsking av dei midtre og høgaste partia av atmosfæren kring jorda. Observatoriet har fått namn etter Kjell Gunnar Henriksen (1938-1996), som var professor i fysikk ved Universitetet i Tromsø, og forska mykje på nordlys.

Observatoriet ligg på Breinosa, oppe i fjellet der gruve sju ligg. Etter at finansieringa av observatoriet var på plass i mai 2005, og planprosessen deretter var gjennomført, tok byggjearbeidet til i januar 2007, og observatoriet kunne opnast offisielt i september/oktober same året.

Observatoriet er etterfølgjaren til Nordlysstasjonen i Adventdalen, som var bygd i 1978, og som sist vart nytta i sesongen 2006-2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]