Kjell Hovda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell Hovda
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. oktober 1945 (78 år)
Veggli
Yrke skiskyttar
Høgd 181 centimeter

Kjell Hovda (fødd 27. oktober 1945) er ein tidlegare skiskyttar og -trenar frå Veggli i Buskerud. Han var med på dei norske stafettlaga som tok sølv i VM i skiskyting 1973 og bronse i 1974. Hovda vart noregsmeister på 20 km i 1970, 1971 og 1975, og var med på å vinne sju NM-gull i stafett for Buskerud. Fire gongar vart han norsk meister i skifeltskyting. Til saman har han vunne sju kongepokalar. Hovda representerte høvesvis Rødberg Idrettsforening og Fiskum Skytterlag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hovda vart nummer fire i NM i skiskyting både i 1968 og 1969. Dei to neste åra vart han norsk meister i skiskyting. I 1975 vart han norsk meister på 20 km for tredje gong, og i 1977 tok han sin siste NM-medalje då det vart bronse på 20 km i Furnes.

Hovda vart nummer sju på den individuelle distansen under VM 1970 i Östersund, men fekk ikkje plass på stafettlaget. Derimot gjekk han i 1972 OL-stafetten for Noregs lag som kom på fjerdeplass. Året etter gjekk han startetappen for Noreg, som med Esten Gjelten, Ragnar Tveiten og ankermannen Tor Svendsberget på laget, kunne reise heim med sølvmedalje. Også i 1974 gjekk Hovda startettappen for Noreg, og saman med broren Kåre Hovda, Terje Hanssen og Tor Svendsberget syrgde han for at det vart norsk bronse i øvinga. Han vart elles nummer åtte på 20 km i same VM.

Hovda deltok i Vinter-OL 1976 i Innsbruck og vart nummer 18 på 20 km og fem i stafetten. Etter OL-sesongen var han i fire år, fram til 1980, trenar for det norske skiskyttarlandslaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]