Kjell Kaspersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjell Robert Kaspersen (fødd 7. april 1939) er ein norsk tidlegare fotballspelar som spelte 34 landskampar i i tida 1961-71 og vann to noregsmeisterskap og eitt seriemeisterskap med Skeid.

Kaspersen var målvakt for osloklubben Skeid frå 1958 til 1972. Han debuterte for Noreg 27. juni 1961 i Helsinki, der Finland vann 4-1. Både i 1963 og 1965 var han med då Skeid vann cupmeisterskapen mot byrivalane høvesvis Vålerenga og Frigg.

I privatlandskampen mot ThailandUllevaal stadion 19. mai 1965 fastsette han sluttresultatet til 7-0 då han skåra på straffespark. Han er den einaste målvakta som har skåra for det norske landslaget.

Kaspersen vart seriemeister med Skeid i 1966. Han «er en eminent målmann som ofte er blitt tiljublet for sine reaksjonsredninger».[1] Han er far til journalisten Kristin Kaspersen, etter å ha vore gift 1969-71 gift med den svenske songaren Lill-Babs.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnus Breili: Fotballboken.1967