Kjell Nupen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjell Nupen
Fødd 5. september 1955
Kristiansand
Død

12. mars 2014
Kristiansand

Yrke kunstmålar, bilethoggar
Fontene av Kjell Nupen i Kristiansand .

Kjell Nupen (5. september 195512. mars 2014) var ein allsidig norsk kunstnar som arbeida med ulike materiale og kunstnariske uttrykk, både måleri, grafikk, glaskunst, keramikk, skulptur i bronse og granitt. Han vart fødd i Kristiansand, der han levde og arbeida heile livet.

Kjell Nupen vart utdanna hjå Statens Kunstakademi i Oslo og og Staatliche Kunstakademie i Düsseldorf i Tyskland, og har studert under Reidar Aulie, Knut Rose, Ludvig Eikaas, Gerhard Richter, K.O. Gütz og Rolf Sackheim. Han debuterte på Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga) i Oslo i 1974 og Sørlandsutstillingen i Kristiansand.

Det var framfor alt målar Kjell Nupen rekna seg som, og han er kjend for å nytte blåfarge (koboltblå) på ulike vis i kunstverka sine, den såkalla «Nupenblå». Han har hatt ein rad store utsmykkingsoppdrag, og har vore representert på kunstutstillingar i mange land.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]