Kjell Ove Hauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjell Ove Hauge
Kjell Ove (1) cut-b.jpg
Fødd 20. februar 1969 (51 år)
Sandane
Yrke friidrettsutøvar
Kjell Ove Hauge på Commons

Kjell Ove Hauge (fødd 20. februar 1969 på Sandane) er ein norsk tidlegare kulestøytar og diskoskastar, sidan 2013 er han rektor ved Kuben videregående skole i Oslo.

Hauge er norsk meister i kulestøyt fire gongar, og har NM-medaljar også frå diskos. Under VM i friidrett 1997 i Athen deltok han i både kulestøyt og diskos. Med det vart han den fyrste nordmann som har delteke i to tekniske øvingar i et friidretts-VM. Høsten 1998 tilstod han bruk av anabole steroidar i samband med ein skade, og trakk seg tilbake som idrettsutøvar. Han representerte klubbane Fjellhug/Vereide IL, Breimsbygda FIL, IL Fri og Gloppen Friidrettslag.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hauge voks opp i idrettskommunen Gloppen og gjekk der på idrettsfag ved Firda vidaregåande skule.

I perioden 1990 til 1995 var han student med idrettsstipend ved University of Texas i El Paso (UTEP) i USA. Etter returen til Noreg tok han pedagogisk utdanning og var frå 1999 lærar ved idrettslinja ved Bjerke videregående skole i Oslo. Han tok sidan mastergrad innan skuleleiing ved Handelshøyskolen BI og vart utviklingsleiar ved same skule. Frå hausten 2013 var han rektor ved den nye Kuben videregående skole på Økern.

Idrettskarriere[endre | endre wikiteksten]

Hauge sin barndomsklubb var Fjellhug/Vereide IL. I 1989 vart han dobbelt norsk juniormeister i kule og diskos under jr.-NM i Moss. Året etter, i 1990, vann han bronsemedalje i kulestøyt bak Georg Andersen og Lars Arvid Nilsen. Han var dette året medlem av Bergensklubben IL Fri. [1]. Per 1. januar 2008 har Hauge framleis klubbrekorden i diskos for IL Fri.[2]

I 1991 kom han tilbake til Gloppen og den nye overbygningsklubben Gloppen Friidrettslag. Han vart noregsmeister fyrste gong i 1993 i kulestøyt[1]. Det same året tok han også sin fyrste NM-medalje i diskos med bronse.[3]

1994 - over 20 meter[endre | endre wikiteksten]

I 1994 brøyt han 20 metersgrensa i kulestøyt. Det skjedde under den amerikanske universitetsmeisterskapen i friidrett i Boise, Idaho. Han støytte kula 20,07 meter, og vart nummer to bak amerikanaren Brent Noon.[4] Hauge viste John Godina til tredje plass, mannen som året etter vart verdsmeister, støytte 22,00 meter og etablerte seg som verdas beste kulestøytar dei ti neste åra. Tilbake i Europa vann Hauge Europacupen i Istanbul, denne gong i diskos med 59,14 m.[5] I august deltok han i kulestøyt i den historiske europameisterskapen i Helsingfors der Noreg vann tre gull, to sølv og ein bronse. Hauge si form var dalande etter ein lang vår i USA og han kom ikkje vidare frå kvalifiseringsrunden. Trass dette vann han sitt andre noregsmeisterskap i kulestøyt den etterfylgjande veka.

1995-sesongen til Hauge vart amputert på grunn av skadar. I 1996 hadde han ein sesong med årsbeste på 19,86 meter, og godt over den internasjonale kvalifiseringsgrensa på 19,50 meter til OL i Atlanta. Den norske olympiske komité sette derimot grensa til 20,00 meter, og Hauge kom ikkje med. Dermed kom Hauge i den situasjonen at han var kvalifisert til Grand Prix Finalen i Milano som topp åtte i verda, men fekk ikkje delta i dei Olympiske leikar. I Milano vart han nummer åtte med 19,34 meter. Dette året tok han sitt tredje NM-gull og slo Georg Andersen i ein jamn konkurranse i Kristiansand.[1]

1997 - VM-finale[endre | endre wikiteksten]

1997 skulle bli hans beste sesong. Han støytte 20,37 meter under eit innandørsstemne i Genova, Italia allereie i februar.[6] Under Innendørs-VM i 1997 støytte han 19,78 meter i kvalifiseringsrunden, og 19,42 i finalen. Han vart med dette nummer 11, og sin einaste meisterskapsfinale i karrieren.[5] Under eit stemne i Tønsberg i juni kasta han personbeste med 63,10 meter i diskos,[7] og fekk dermed representere Noreg i både kule (nr. 4) og diskos (nr. 5) i Europacupen i Munchen.[5] Han kvalifiserte seg samstundes til VM i Athen i både kulestøyt og diskos. Med dette vart han den fyrste nordmann med deltaking i to tekniske øvingar i eit friidretts-VM. Han klarte ikkje å fylgje opp med toppprestasjonar, med berre 25. plass i kulestøyt og 32. plass i diskos.[5] Hauge vart norsk meister i kulestøyt for fjerde gong dette året[1], men fekk ikkje NM-medalje i diskos.

1998 - doping - legg opp[endre | endre wikiteksten]

Sesongen 1998 vart Hauge sin siste som idrettsutøvar. Ein skade i høgre lår stoppa innandørssesongen, men han debuterte utandørs med personleg rekord på 20,39 meter under Grand Prix stemnet ’’Steve Prefontaine Memorial’’ i Eugene i Oregon. Resultatet rangerer Hauge som nummer fem blant Noregs beste kulestøytarar, bak Nilsen, Andersen, Jan Sagedal og Knut Hjeltnes (per januar 2009).[8] I juni vann han Europacupen i kulestøyt med 20,07 meter i Malmö.[5]

Dopingsaka[endre | endre wikiteksten]

Før noregsmeisterskapen i friidrett i månadsskiftet juli-august 1998 heldt Hauge ein pressekonferanse på Toppidrettssenteret i Oslo der sa at han tilstod å ha brukt det ulovlege stoffet methandienon, (eit anabole steroid). Han bad om orsaking for det han sa var eit feilval i samband med ein muskelskade i høgre lår. Han tok konsekvensen av dette ved å leggje opp som toppidrettsutøvar.[9] Hauges tilståing medførte at Idrettens domsutvalg reduserte straffa med seks månadar, frå 24 til 18.[10]

Internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

År Meisterskap Stad Land Plassering Øving Resultat
1994 NCAAs studentmesterskap Boise, Idaho Flag of the United States.svg USA Sølv Kulestøyt 20,07 m
1994 EM Helsingfors Flag of Finland.svg Finland 23. Kulestøyt 18,23 m
1994 Europacup Istanbul Flag of Turkey.svg Tyrkia Gull Diskoskast 59.14 m (Banerekord)
1996 World atheltics final Milano Flag of Italy.svg Italia 8. Kulestøyt 19,34 m
1997 VMi Paris Flag of France.svg Frankrike 11. Kulestøyt 19,42 m
1997 VM Aten Flag of Greece.svg Hellas 25. Kulestøyt 18,37 m
1997 VM Aten Flag of Greece.svg Hellas 33. Diskoskast 57,00 m
1997 Europacup München Flag of Germany.svg Tyskland 4. Kulestøyt 19,04 m
1997 Europacup München Flag of Germany.svg Tyskland 5. Diskoskast 56,60 m
1998 Europacup Malmö Flag of Sweden.svg Sverige Gull Kulestøyt 20,07 m

NM-medaljar[endre | endre wikiteksten]

Plassering Øving År
Gull Kulestøyt 1993, 1994, 1996 og 1997
Sølv Diskos 1994
Bronse Kulestøyt 1991, 1995
Bronse Diskos 1993 og 1995

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei liste over Hauge sine bestenoteringar der resultata er blant Noregs 30 beste gjennom alle tider per 1. januar 2008 (plassering under ranking). Alle resultata til Hauge er også per 1. januar 2009, gjeldande krinsrekordar for Sogn og Fjordane. Dopingsaka i 1998 reiser tvil om gyldigheita til resultata.

Øvelse Resultat Dato År Sted Land Ranking
Kulestøyt 20,39 m 31. mai 1998 Eugene i Oregon Flag of the United States.svg USA 5
Diskos 63,10 m 14. juni 1997 Tønsberg Flag of Norway.svg Noreg 10
Høyde u.t. 1,73 m 13. september 1995 Sandane Flag of Norway.svg Noreg 10
Lengde u.t. 3,39 m 30. juni 1994 Sandane Flag of Norway.svg Noreg 27

Trenarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Frå 2000 til 2006 var Hauge ressurstrenar for fotballklubben Skeid sitt A-laget og for junior elite-lag, med ansvar for skadeførebyggande trening, styrke, spenst og snøggleik.[11]

I 2001 og 2002 var han også trenar for friidrettsutøvaren Elin Isane, som begge desse åra tok sølvmedaljar i både kule og diskos under NM.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «NM-medaljer i kulestøt». friidrett.no.  statistikk
  2. «Klubbrekorder menn». il-fri.no.  statistikk
  3. «NM-medaljer i diskos». friidrett.no.  statistikk
  4. «Årets beste liste 1994». Stagionali.  statistikk
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 «Norske internasjonale atleter - H». friidrett.no.  statistikk
  6. «Årets beste liste 1997». Stagionali.  statistikk
  7. «Alle tiders beste diskoskastere». friidrett.no.  statistikk
  8. «Alle tiders beste kulestøtere». friidrett.no.  statistikk
  9. NTB (30. juli 1998). «Historikk: Store norske dopingsaker». Dagbladet.no. 
  10. «Kjell Ove Hauge er utestengt fra all idrett i 18 måneder». Dagbladet.no. 13. oktober 1998. 
  11. «Kule-Hauge tilbake som styrketrener». vg.no. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]