Kjell Søbak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell Søbak
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juni 1957 (66 år)
Bodø
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1980, biathlon at the 1984 Winter Olympics – relay

Kjell Søbak (fødd 21. juni 1957) er ein norsk tidlegare skiskyttar, fødd i Bodø. Han var på topp i åra 1981 til 1984, då han vann to sølvmedaljar og ein bronsemedalje med Noregs stafettlag i verdsmeisterskap og olympiske leikar. Han var medlem av Sjølisand Skytterlag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Søbak vart nummer to i verdscupen i skiskyting for 1981, og vart nummer tre i same turneringa året etter. Begge gongane gjekk sigeren til Frank Ullrich frå Aust-Tyskland.

Søbak var med på Noregs stafettlag som tok sølvmedaljen i VM i skiskyting 1982 i Minsk og bronsemedaljen under verdsmeiterskapen i Antholz i 1983. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo fekk Søbak sølv med det norske stafettlaget, saman med Eirik Kvalfoss, Rolf Storsveen og Odd Lirhus. I dei same vinterleikane kom han på fjerdeplassen på 10 km.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]