Kjell Tånnander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell Tånnander


Statsborgarskap Sverige
Fødd 25. juni 1927 (96 år)
Långaröds församling
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1948, Sommar-OL 1952, EM i friidrett 1950

Kjell Uno Jörgen Tånnander (fødd 25. juni 1927) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Hörby som vann bronsemedaljen i tikamp-øvinga under EM i friidrett 1950.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gjennom 1947-sesongen utmerkte Tånnander seg i høgde utan tilløp. Sommaren 1948 presterte han ein framifrå tikamp og vart teken ut til Sommar-OL 1948. Med personleg rekord på 6 748 poeng kom han til London som mogleg medaljekandidat. I den britiske hovudstaden lukkast han lite og enda på 15. plass. Under europameisterskapen 1950 i Brussel presterte Tånnander sitt livs beste tikamp, med sine 7 275 poeng vann han bronsemedaljen, 22 poeng unna sølvmedaljøren Örn Clausen og mindre enn hundre poeng under vinnaren, franske Ignace Heinrich. To år seinare vart Tånnader sjuandemann i den olympiske tikampen i Helsinki. Åra 1949 og 1951 vart han svensk tikamp-meister.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Døtrene Kristine Tånnander og Annette Tånnander hevda seg internasjonalt i høgdehopp og mangekamp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]