Kjell Underlid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell Underlid
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juni 1950
Død

31. juli 2016 (66 år)

Yrke professor, psykolog
Politisk parti Norges Kommunistiske Parti, Sosialistisk Venstreparti, Sosialistisk Folkeparti

Kjell Underlid (24. juni 195031. juli 2016) var ein norsk psykolog, professor og politikar. I 2005 vart han professor ved Høgskolen i Bergen, der han hadde jobba sidan 1990. Spesialfelta hans var arbeidsløyse, fattigdom og sosial rettferd.

Underlid var formann for Norges Kommunistiske Parti mellom 1993 og 2000, fram til 1998 saman med Terje Krogh og Per Lothar Lindtner, etter det saman med Lindtner. Underlid var i ei årrekkje medlem av Sosialistisk Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti, men gjekk ut av partiet i protest mot det han oppfatta som ei høgredreiing under Erik Solheim. Han gjekk ut av NKP i 2003, i protest mot eksklusjonar av andre NKU og NKP-medlemmer. Han var eit sentralt medlem av Bevegelsen for Sosialisme.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Arbeidslaus - Det Norske Samlaget 1992
  • Gruppepsykologi - Fagbokforlaget 1997
  • Fattigdommens psykologi - Det norske Samlaget 2005
  • Sosial rettferd - Det Norske Samlaget 2009