Hopp til innhald

Kjella

65°6′49.579″N 12°2′10.352″E / 65.11377194°N 12.03620889°E / 65.11377194; 12.03620889

Kjella
fjord
Flyfoto av Kjella bak fjellet Heilhornet, framfor kan ein sjå Sørfjorden.
Foto: Erlend Bjørtvedt
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Bindal
Kart
Kjella
65°06′50″N 12°02′10″E / 65.11376953°N 12.03620911°E / 65.11376953; 12.03620911

Kjella eller Kjelda er ein fjord i Bindal kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 11 km sørover til Kjella i botn av fjorden. Fjorden ligg på austsida av øya Austra.

Fjorden har innløp mellom Oterneset i vest og Holm i aust. Fylkesveg 17 går ut heile austsida av fjorden og ved Holm går det ferje vidare nordover til Vennesund. Dette ferjesambandet går heilt ytst i Bindalsfjorden. Riksveg 802 går langs delar av dei indre områda i vest.

Heggbærneset stikk seg nordover i fjorden på austsida og aust for dette neset går Lysfjorden innover til Bursvikbotn. På andre sida av fjorden ligg grenda Nordhorsfjord og får her går sidefjorden Horsfjordbotnet sørvestover. Grenda Sørhorsfjord ligg på sørsida av innløpet og sør for denne grenda går sidefjorden Valen sørvestover til Bogen. I botn av Valen går Valastraumen sørover til Årsetfjorden.

Inst i fjorden ligg grenda Kjella og Heilhornet hotell.