Hopp til innhald

Kjellfrid Brusveen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjellfrid Brusveen
StatsborgarskapNoreg
Fødd23. november 1926
Fåberg kommune
Død 3. januar 2009 (82 år)
Lillehammer
Idrettlangrenn
Tok del i Vinter-OL 1956

Kjellfrid Brusveen, fødd Gutubakken, (23. november 19263. januar 2009) var ein norsk langrennar frå Fåberg i Oppland. Ho var medlem i Faaberg Idrettslag.

Gutubakken vart i Ski-NM 1954 den fyrste kvinna som vart noregsmeister i langrenn. Dei fyrste åra kvinner fekk delta i noregsmeisterskap stod einast 10 km på programmet. Gutubakken, som i 1955 vart gift Brusveen, heldt fram å vinne distansen i NM også i 1955, 1956 og 1957.

Internasjonalt representerte ho Noreg i Ski-VM 1954 i Falun og i Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. I Falun vart ho nummer 17 på 10 km og gjekk den fyrste etappen for det norske stafettlaget som vart nummer 4. Marit Øiseth og Rakel Wahl tok seg av dei to andre etappane. I Italia enda Brusveen på tiandeplassen på 10 km, medan ho, saman med Gina Regland og Rakel Wahl, vart nummer 4 i 3 x 5 km stafett.