Kjelsås Idrettslag
Kjelsås Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Kjelsås i Oslo. Idrettslaget vart stifta 16. mars 1913 og er aktiv med i alpin skiidrett, basketball, fotball, handball, langrenn, allidrett og paraidrett.
Kjelsås IL var på 1960- og særleg 1970-talet kjent for sitt handballag for kvinner, med Astri Bech som den sentrale utøvaren. Sidan 1980-åra har laget utmerkt seg med mange framifrå kvinnelege langrennarar, seinare óg mannlege langrennarar. Namn som Marit Wold, Trude Dybendahl, Nina Skeime og til sist Eirik Brandsdal har alle hevda seg mellom verdseliten. Hans Christian Udnæs vart noregsmeister på femmila i 1987. Perioden 1985-2023 sanka Kjelsås-kvinnene 14 stafett-titlar under noregsmeisterskapen på ski. Frå 2020 har skialpinisten Alexander Steen Olsen vore ein av dei aller beste slalåm- og storslalåm-utøvarane i Noreg. Kjelsås sitt fotballag har gjesta nivå 2 i norsk fotball og nådde semifinalen i noregsmeisterskapen 2023.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kjelsås IL» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2025.