Kjelvik
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kjelvik | |||||
---|---|---|---|---|---|
Gamle sjøhus i Kjelvik. Foto: Arnstein Rønning | |||||
Høgd over havet | 7±1 meter | ||||
Plassering | |||||
![]() Kjelvik | |||||
Kjelvik (nordsamisk Goaskinvággi) er ei fråflytta bygd på Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke.
Ho var etter Honningsvåg den nest største tettstaden på Magerøya inntil staden vart brent av okkupasjonsmakta i 1944. Kjelvik hadde tidleg på 1900-talet om lag 80 innbyggarar, dei fleste av finsk avstamming. I 1930 var det 236 innbyggarar i Kjelvik. Etter krigen vart staden berre delvis attreist. På 1960-talet flytta dei fleste som var att frå staden, og frå midten av 1970-talet var det ingen fastbuande igjen.[1]
Kjelvik var fram til 1950 namnet på dagens Nordkapp kommune. Kommunen var utskild frå Kistrand i 1861. Staden er avmerka som «Kelwyck» på Mercator sitt kart Atlas Minor frå 1613.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Nordkappmuseet: Kjelvik – det gamle kommunesentret. Vitja 4. juli 2020