Hopp til innhald

Kjemisk forvitring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samanlikning av uforvitra (venstre) og forvitra kalkstein

Kjemisk forvitring er ein type naturleg forvitring av bergartar og mineral som skjer ved oppløysing av minerala eller at minerala omdannar seg.

Kjemisk forvitring skjer gradvis og som regel nær jordoverflata. I denne prosessen er oksidasjon og hydrolyse dei viktigaste prosessane.

Den kjemiske forvitringa løyser ut kalsiumion og andre ion i overflatevatnet.