Hopp til innhald

Kjemivåpenkonvensjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kjemivåpen-konvensjonen)
██ Ratifiserte██ Tilslutta i ettertid██ Underteikna, men ikkje ratifisert██ Ikkje underteikna

Kjemivåpenkonvensjonen er ein internasjonal konvensjon som legg ned eit forbod mot utvikling, produksjon og lagring av kjemiske våpen og påla øydelegging av gjenverande lager med våpen som vert karakteriserte som kjemiske. Avtalen vart underskriven i Paris i januar 1993 og tredde i kraft i 1997. 190 statar har ratifisert konvensjonen, medan Israel og Myanmar har skrive under, men ikkje ratifisert. Nord-Korea, Egypt og Sør-Sudan har korkje skrive under eller ratifisert konvensjonen.[1]

  1. «United Nations Treaty Collection», treaties.un.org (på engelsk), henta 8. august 2025

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]