Kjempekaktus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjempekaktus
Kjempekaktus
Kjempekaktus
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kjempekaktus
Utbreiinga av Kjempekaktus
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Kaktusfamilien Cactaceae
Underfamilie: Cactoideae
Stamme: Pachycereeae
Slekt: Carnegiea
Art: Kjempekaktus C. gigantea
Vitskapleg namn
Carnegiea gigantea

Kjempekaktus (Carnegiea gigantea) er en treaktig kaktusart som har ein søyleforma vekst med éin stamme og 5-6 greiner. Han kan bli opptil 20 meter høg.[1] Planten blomstrar fyrst etter 50-75 års vekst. Han kan bli opptil 200 år gammal.

Kjempekatus høyrer heime i Mexico, Arizona og California, der han veks i ørkenområde. I USA og spansktalande land er kaktusen også kjend som saguaro.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Alle dei overjordiske delane av planten er ribba. Blada er omdanna til tornar, som vanleg blant kaktusartar. Blomstringa sker i april-juni, då endestilte, kvite blomar opnar seg i løpet av natta og held seg til utpå neste dag. Dei raude fruktene til kaktusen kan etast, og blei rekna som ein delikatesse blant amerikanske urfolk, men i dag er planten freda og ein kan ikkje plukka fruktene.

Rotnettet består av høgtliggande og vidtrekkande røter som dekker eit stort område. Der er difor stor avstand mellom to individ av sjølvsådde kjempekatusar.

Høgd x breidd og årleg tilvekst er 5 x 2 m (10 x 4 cm/år). Den årlege tilveksten er mykje mindre enn dette i dei fyrste leveåra, då planten byggar ut rotnettet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «kjempekaktus». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 21. desember 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Kjempekaktus