Kjempespringfrø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjempespringfrø
Kjempespringfrø
Kjempespringfrø
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Springfrøfamilien Balsaminaceae
Slekt: Springfrøslekta Impatiens
Art: Kjempespringfrø I. glandulifera
Vitskapleg namn
Impatiens glandulifera

Kjempespringfrø (Impatiens glandulifera) er ei plante i springfrøslekta i springfrøfamilien. Opphavleg kjem arten frå det vestlege Himalaya. Planta er kring 1-2 meter høg og har motsette blad som er mørkgrøne og sagtagga. Ho har rosa til raude blomstrar med grov rak spore. I Noreg blomstrar ho i juli-august månad.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Den naturlege veksestaden til kjempespringfrø er Himalaya. Til Europa har han komme som hageplante, og har forvilla seg frå hagar. Arten er funnen i alle fylke i Noreg unntatt Finnmark.

Invasiv art[endre | endre wikiteksten]

Kjempespringfrå produserer mykje nektar som tiltrekk seg insekt slik pollineringa er effektiv. Det blir danna ei mengde frø som den spreier på ein effektiv måte. Det gjer at kjempespringfrø kan legg spreie seg og konkurrere ut lokale artar. Den blir såleis sett på som ein invasiv art og er ført opp på norsk svarteliste både for 2007 og 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]